Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Å leve under Taliban

Kva erfaringar har lokalsamfunn med Taliban som leverandørar av tryggleik ? Korleis forløp politireforma i Afghanistan seg før Talibans raske overtaking, og kva slags rolle får politiet under Taliban?
21 september 2021
15:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Asia
  • Opprørsgrupper
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

Ei heil verd har late seg sjokkere av Talibans retur til makta i Afghanistan, men dette var likevel ikkje heilt uventa. Nyheitsbiletet er prega av panikk og uvisse, og både afghanarar og det internasjonale samfunnet er usikre på korleis det nye regimet vil handtere oppgåva med å styre landet og skape tryggleik for folket. I dette webinaret vil vi reflektere over dei tidlegare erfaringane til lokalsamfunnet med Taliban og knytte desse erfaringane til uvisse og mangel på tryggleik hos lokalbefolkninga i Afghanistan. Webinaret vil deretter klargjere korleis politireforma såg ut i Afghanistan før Taliban tok over makta og vi vil reflektere over framtida for det afghanske politiet under Taliban og korleis dette eventuelt vil sjå ut.

Webinaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.

Bios:

Ingrid Nyborg er førsteamanuensis ved institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudium ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Nyborg har over 30 års forskingserfaring frå Afrika og Sør-Asia, der ho dei siste 15 åra har fokusert på "livelihood security", post konflikt og -kriseutvikling i Pakistan og Afghanistan. Ho har nyleg fullført eit femåring EU Horizon 2020 forskingsprosjekt med tittel «Community-Based Policing and Post-Conflict Police Reform» - eit globalt studie av 12 land, der Nyborg leidde eit team på 35 internasjonale forskarar som studerte alternative, ikkje-militariserte former for politiarbeid og oppbygginga av tillitsprosessar mellom politi og lokalsamfunn.

Surendra Sharma er ein pensjonert generalinspektør frå India med 39 års erfaring innan politiarbeid, inkludert 15 år som ekspert på kapasitetsbygging, teknisk rådgivar og seniorrådgivar i fleire av FNs fredsbevarande oppdrag og gjennom FNs utviklingsprogram (UNDP). Sharma har sett i verk samfunnsbasert politiarbeid i Aust-Timor, Sudan og Sør-Sudan. Han var senior politirådgivar for UNDP i Kabul frå april 2017 til juli 2020, der han samarbeidde med det Afghanske innanriksdepartementet og det nasjonale politiet for å utvikle ein afghansk leidd og eigd modell som no er under implementering av UNDP i Kabul.

 

 

Program:

- Presentasjonar ved Ingrid Nyborg og Surendra Sharma.

- Q&A

Talere

Ingrid Nyborg
Associate Professor, Department of International Environment and Development Studies, NMBU
Surendra Sharma
Former Inspector General, India

Møteleder

Ingvild Magnæs Gjelsvik
Tidligere ansatt
21 september 2021
15:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Asia
  • Opprørsgrupper
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital