Sjå opptak av heile webinaret her:

Når verda blir meir samankopla, blir avhengigheita av det digitale rommet og tilhøyrande infrastruktur enno meir tydeleg på tvers av sektorar. Sidan domenet berre er like sterkt som det svakaste leddet, er det eit tydeleg behov for å byggje sikkerheitsstandardar på tvers av land for å minimere digitale trugslar. 

Dei digitale trugslane og den tilhøyrande risikoen er særleg utfordrande for utviklingsland og land som er ramma av konflikt. Difor er det behov for spesifikk innsats retta mot desse landa, sidan dei utviklar digital og fysisk infrastruktur i stor hastigheit, på same tid som dei må handtere skjøre institusjonar og dårlege styringsmekanismar med sine avgrensa ressursar.

Arrangementet er ein del av prosjektet C3SA, som du kan lese meir om her, og er knytt til NUPIs forskingssenter på cybertryggleik.

Vil du få invitasjonar til seminar, analysar og ny forsking rett i e-postboksen? Meld deg på NUPIs nyheitsbrev her!

Talaranes bio:

Christopher Painter er ein globalt anerkjend leiar og ekspert på cybertryggleik, cyberpolitikk og cyberdiplomati, og dessutan i å få bukt med kriminalitet i det digitale rommet. Han har vore leiande i amerikansk og internasjonalt arbeid knytt til cyber i over 25 år - blant anna i justisdepartementet, FBI, i National Security Council, og i Utanriksdepartementet. Han har initiert, drive eller fungert som rådgivar i amerikansk cyberpolitikk i over eit tiår, og har skapt innovative nye organisasjonar og tilnærmingar for å handtere trusslene, men også å utnytte fordelane og moglegheitene som finst i det digitale rommet.

Carolin Weisser Harris leier Internasjonale Operasjoner på Global Cyber Security Capacity Centre (GCSCC) basert på institutt for informatikk. I denne rolla er ho ansvarleg for interessentengasjement of for distribusjon av flaggskipet på senteret Cybersecurity Capacity Maturity Model for Nations (CMM). Ho er medforfattar på ei rekkje CMM-gjennomgangar i Afrika, Asia og Europa.

Dr. Andrea Calderaro er direktør for Centre for Internet and Global Politics, seniorforelesar i Internasjonale Relasjoner på Department of Politics and International Relations/School of Law and Politics og medlem av Centre of Excellence in Cyber Security Analytics på Cardiff University. Han har ei doktorgrad i statsvitskap frå European University Institute. Forskinga hans sentrerer rundt internett og internasjonale relasjonar, med fokus på transnasjonal styring i det digitale rommet, cybertryggleik, kapasitetsbygging i det digitale rommet, og cyberdiplomati.

Patryk Pawlak er Executive officer i EUISS Brussel. I denne rolla held oppe og utviklar han relasjonar med andre Burssel-baserte institusjonar. I tillegg er han ansvarleg for cyberportfolioen, og leier instituttets cyber-relaterte prosjekt. sidan juni 2016 har han vore medlem av Advisory Board of the Global Forum on Cyber Expertise. Arbeidet hans relatert til det digitale rommet og EUs tryggingspolitikk meir generelt er publisert i fleire journalar.