Hopp til innhold
NUPI skole
220922-delay-denial-climate.png

Arrangement

Er forseinking den nye fornektinga i klimapolitikk?

I seinare tid har vi sett ein nedgang av open klimafornekting. Derfor spør vi på dette seminaret om forseinking er den nye fornektinga?
22 september 2022
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Klima
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Vi er vitne til eit skifte i den klimapolitiske debatten. Mange som er motstandarar av ein ambisiøs klimapolitikk nektar ikkje lenger for alvoret i dette, eller årsaka til det. I staden tar dei ofte til orde for ein forseinka "rettferdig" energiovergang der vi unngår samfunnsmessige og økonomiske endringar no, og heller flyttar ho til ei uspesifisert framtid. Slike strategiar kan blant anna vere å gå inn for ei forsiktig tilnærming som avheng av framtidige teknologiske framsteg, og som ikkje fører til endringar her og no.

Ei brei semje om å forfølgje ein "rettferdig overgang" til "netto null" skjuler ei stor usemje, blant anna mellom dei som tar til orde for ambisiøs klimastrategi og dei som er imot ho, enten direkte eller gjennom ein strategi med forseinka politikk og forseinka politikkimplementering.

22. september inviterer vi til dette seminaret med Jennie C. Stephens der ho først skal halde eit foredrag med tittelen ‘Technological Innovation (and Climate Isolationism) as «Climate Delayism»'. Vidare blir det ein paneldiskusjon om fornektingsstrategiane som er synlege i global, europeisk og norsk klimadebatt.

I panelet finn du:

Jennie C. Stephens, dekan og professor i berekraftig forsking og politikk, Northeastern University's School of Public Policy and Urban Affairs

Brian Petersen, førsteamanuensis i geografi, planlegging og rekreasjon, Northern Arizona University

Manjana Milkoreit, postdoktor, sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo

Ordstyrarar for arrangementet er:

Tomas Maltby, Reader in internasjonal politick, avdeling for politisk økonomi, King's College, London

Kacper Szulecki, forskar 1, NUPI

Arrangementet blir også strøymt til NUPIs YouTube-kanal. Digital deltaking krev ikkje påmelding.

Panel

Jennie C Stephens
Professor, Northeastern University’s School of Public Policy and Urban Affairs
Brian Petersen
Førsteamanuensis, Northern Arizona University
Manjana Milkoreit
Postdoktor, Universitetet i Oslo

Møteledere

Tomas Maltby
Reader in internasjonal politick, King’s College, London
Kacper Szulecki
Forsker 1
22 september 2022
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Klima
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt