Hopp til innhold
NUPI skole
090622-environment of peace.png

Arrangement

Frukostseminar: Kva kan vi gjere for fred og tryggleik i ein ny æra med kompleks risiko?

Velkommen til lansering av den superaktuelle rapporten «Environment of Peace»!
09 juni 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Humanitære spørsmål
  • Pandemier
  • Klima
  • Styring
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Den nye rapporten – Environment of Peace – gir ei omfattande skildring av korleis interaksjonen mellom fleire ulike miljøkriser, det dystre tryggingsbiletet til notida og etterdønningar av koronapandemien har ført til nye former for samansette, gjennomgripande og framveksande risikoar. Rapporten gir også tilrådingar til handling, prinsipp og rådgiving retta mot styresmakter og avgjerdstakarar.

Rapporten blir lansert på NUPI 9. juni klokka 09.00-10.30, og det vil bli servert ein lett frukost frå 08.30. Rapporten blir presentert av statssekretær i UD, Henrik Thune og tidlegare svensk utanriksminister og tidlegare miljøkommisær i EU, Margot Wallström.

Wallström leidde det internasjonale panelet av ekspertar ansvarlege for rapporten. NUPI-direktør Ulf Sverdrup er medlem av det internasjonale panelet og rapporten er skrive av blant anna NUPI-forskar Cedric de Coning. Rapporten har blitt finansiert av Noreg, Sverige og Sveits.

Du kan lese heile rapporten her.

Arrangementet blir også strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal. Digital deltaking krev ikkje påmelding.

Program:

08.30: Servering av lett frukost

09.00: Velkommen, NUPI-direktør Ulf Sverdrup

09.05: Introduksjon til rapporten,Margot Wallström, leiar for Environment of Peace International Panel of Experts, tidlegare svensk utanriksminister og tidlegare miljøkommissær i EU.

09.30: Følgjene klimaendringar og miljøkriser har for fred og tryggleik, Cedric de Coning, forskar 1, NUPI og medforfattar på rapporten.

0945: Kvifor Noreg har støtta arbeidet med “Environment of Peace”-rapporten, Henrik Thune, statssekretær, Utanriksdepartementet.

10.00-10.30 Diskusjon og spørsmål frå salen

Talere

Henrik Thune
Statssekretær, Utenriksdepartementet
Margot Wallström
Leder for Environment of Peace International Panel of Experts
Cedric H. de Coning
Forsker 1

Ordstyrer

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
09 juni 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Humanitære spørsmål
  • Pandemier
  • Klima
  • Styring
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt