Det russiske angrepet på Ukraina har igjen vist at energi- og tryggingspolitikk heng tett saman. Avhengnaden av russisk olje og gass er no eit tryggingspolitisk problem og pressa for å frikoble europeiske land frå russisk energiforsyning aukar.

EU-kommisjonen la allereie i mars fram ein plan for å redusere etterspurnaden etter russisk gass med 2/3 innan utgangen av året. Frå eit energipolitiskperspektiv er dette svært ambisiøst, samtidig som det tryggingspolitisk er utilstrekkeleg.

Dagleg betaler Europa rundt 1 milliard dollar for russisk olje og gass, inntekter som bidrar til å finansiere Russlands krigføring i Ukraina. Fleire sanksjonspakkar er no sett i verk for å ramme russisk økonomi, men det eine grepet som verkeleg vil svi sviktar.

Kvifor er ein boikott av russisk energiforsyning så vanskeleg å få på plass? Er det ønskjeleg? Bør det gjerast i form av ein boikott eller i form av ein justerbar skatt på russisk gass? Korleis skal byrda fordelast mellom europeiske land? På dette seminaret ser vi nærare på dei utfordringane, moglegheitene og konsekvensane ein boikott av russisk energiforsyning har for Europa.