Hopp til innhold
NUPI skole
28:02:22-Extremists-with-military-backgrounds.png

Arrangement

Radikalisering blant personar med militær bakgrunn

Valdeleg radikalisering og ekstremisme blant tidlegare soldatar er ei veksande internasjonal bekymring.
28 februar 2022
15:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk

Vi har gleda av å ønskja Håvard Haugstvedt velkommen til dette seminaret for å presentera forskinga si på radikalisering blant personar med militær bakgrunn.

På dette seminaret ser vi nærare på personar med og utan militær bakgrunn blant dei som er kategoriserte som ytre høgre. Forskinga viser at gruppa med militær bakgrunn, samanlikna med dei utan militær bakgrunn, blir kjenneteikna av fleire kjende psykososiale risikofaktorar som blant anna å ha opplevd noko traumatisk og psykiske helseplager. Vi ser også på bevisstgjering internt i forsvaret og styrking av helsetenester til veteranar med eit fokus på overgangen til det sivile livet. Seminaret rettar også eit blikk mot etterforskinga rundt storminga av den amerikanske kongressbygningen.

Ordstyrar er Tore Bjørgo. Seminaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.

Håvard Haugstvedt er forskar ved Senter for ekstremismeforsking (C-REX) der han forskar på unge menneskes oppleving av ekstremisme i Noreg, førebygging av valdeleg ekstremisme, militante gruppers bruk av dronar, og andre ekstremisme-relaterte tema. Håvard disputerte hausten 2021 ved Universitetet i Stavanger med avhandlinga «Managing the tension between trust and security: A qualitative study of Norwegian social workers' experience with preventing radicalisation and violent extremism”

 

Taler

Håvard Haugstvedt
Forsker, C-REX

Moderator

Tore Bjørgo
Tidligere ansatt
28 februar 2022
15:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk