Hopp til innhold
NUPI skole
Seminar 150622 med profilbilder ny versjon.jpg

Arrangement

WEBINAR: Kvifor har ikkje sjølvmordsangrep blitt tatt i bruk av eit breiare utval av aktørar?

Ellen Tveteraas skal i dette webinaret snakke om IS' bruk og utvikling av sjølvmordsangrep.
15 juni 2022
15:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Norsk
  • Seminar
  • Digital

I 2014 byrja Den islamske staten (IS) å produsere såkalla sjølvmordsbilar i industriell skala i Irak, og tilpassa dermed eksisterande teknikkar og teknologi til nye bruksområde.

Sjølvmordsangrep var allereie eit signaturtrekk i valdeleg jihad, men dei neste tre åra forsterka IS koplinga ytterlegare gjennom bruken av desse og ved hjelp av propaganda. Korleis har det blitt sånn?

På dette webinaret, som er i regi av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet, ser Ellen Tveteraas på spreiinga av sjølvmordsangrep frå 1980-talet til 1990-talet, og kvifor dette har blitt eit signaturtrekk for valdeleg jihad.

Ellen Tveteraas er Phd-stipendiat i internasjonale relasjonar ved institutt for politikk og internasjonale relasjonar ved Oxford University. Forskinga hennar undersøkjer kvifor sjølvmordsangrep ikkje har blitt brukt av eit breiare utval av aktørar. Forskinga er basert på feltarbeid i Nord-Irland, Irak og Palestina. Tveteraas er interessert i å forstå dei organisatoriske og sosiale avgrensingane som påverkar gruppeavgjerder knytt til valdelege taktikkar. Tveteraas har vore medlem av T.E. Lawrence-programmet for studiet av konflikt ved All Solus i Oxford sidan 2018 og ho er i tillegg tilknytta Forsvarets forskingsinstitutt (FFI).

 

Dette arrangementet er heildigitalt og vil gå føre seg på plattforma Microsoft Teams. 

15 juni 2022
15:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Norsk
  • Seminar
  • Digital