Arrangement
Ei forteljing om to rettssystem? Advokatar og dommarar i det nye Saudi-Arabia
I motsetnad til andre arabiske land har sharia fram til nyleg ikkje vore kodifisert i Saudi-Arabia. Dommarane har difor måtta byggje på sjølvstendig resonnering (ijtihad) og tolkingar av rettstekstar frå mellomalderen. Dei siste tjue åra, og særleg etter Vision 2030-reformene som vart lanserte i 2016, har dette gradvis endra seg, ettersom store delar av sharialovgjevinga har vorte kodifiserte.
Dette føredraget byggjer på feltarbeid i kongedømmet Saudi-Arabia og ser på korleis det saudiske retts- og domstolssystemet har utvikla seg som følgje av reformene. Mellom anna handlar det om korleis shariadommarane har vorte stadig meir profesjonaliserte, og korleis advokatar med utdanning i komparativ rett har fått ei sterkare stilling. Gade drøftar òg kva dette fortel om det endra tilhøvet mellom sharia og kodifisert lov.
Arrangementet er ope for alle, og du treng ikkje melde deg på. Merk at det går føre seg i Eilert Sundts hus, A-blokka, Auditorium 5 (BL09113), på campus Blindern ved Universitetet i Oslo. Arrangementet blir ikkje strøymt.
Tine Gade er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI). Ho forskar på retts- og domstolsreformer og på styring av religion i Saudi-Arabia og Libanon. Ho har òg forska på religiøse og sosiale rørsler og på bysosiologi i Levanten og Irak, og ho har skrive boka Sunni City: Tripoli from Islamist Utopia to the Lebanese ‘Revolution’ (CUP, 2022). Gade har vore gjesteforskar ved Gulf Research Center i Riyadh og har gjort feltarbeid i Libanon, Irak og Saudi-Arabia, sist om rettsreformene som blir drøfta i dette føredraget.