The image shows journalists demonstrating in Tunisia. Photograph: Fethi Belaid/AFP/NTB Scanpix

PROTEST: 15. april i år samla journalistar i Tunisia seg til protest,  etter at statsminister Hichem Mechichi hadde utnemnt Ben Younes til sjef for det statlege nyheitsbyrået Tunis Afrique Presse (TAP). Kritikken går ut på at Ben Younes har koplingar til partiet Ennahda. 

Korleis taklar journalistar i Midtausten politisk press?

Publisert: 3. mai 2021

Over heile verda blir medium og journalistar nytta som politiske reiskap av både medieeigarar og lobbyistar. Korleis taklar dei det? Eit NUPI-prosjekt har undersøkt medium og journalistar i Tunisia og Libanon. 

- Journalistar er sårbare for press frå politikarar og pengesterke grupper. Medieeigarar verda over har makt over dei, men i land med sterke demokratiske institusjonar, god økonomi og veletablerte profesjonsreglar, står journalistane sterkare. Tunisiske og libanesiske journalistar må kjempe for fridomen, levebrødet og sanninga i land kor motkreftene er sterke, seier seniorforskar Kjetil Selvik (NUPI).

Gjennom forskingsprosjektet Journalism in struggles for democracy: media and polarization in the Middle East har han og kollegaer undersøkt den politiske rolla til journalistikk i Tunisia og Libanon, dei to friaste blant dei arabiske landa.

- I april i år såg vi eit eksempel på at journalistar tok til motmæle mot å bli styrt av politikarar med ein agenda. Då tok ei rekkje pressefolk til gatene fordi statsminister Hichem Mechichi hadde utnemnt Ben Younes til sjef for det statlege nyheitsbyrået Tunis Afrique Presse (TAP). Kritikken gjekk ut på i at Ben Younes har koplingar til partiet Ennahda, forklarer Selvik.

No har forskarane fått publisert to artiklar om temaet i dei prestisjefylte tidsskriftene Journalism Studies og The International Journal of Press/Politics.

  • Les  ‘Journalism under Instrumentalized Political Parallelism’ (Journalism Studies)her.
  • Les ‘Hybrid Media and Hybrid Politics: Contesting Informational Uncertainty in Lebanon and Tunisia’ (The International Journal of Press/Politics)her.

Snur situasjonen til sin fordel

Prosjektet har sett nærmare på korleis journalistar taklar det som blir kalla politisk instrumentalisering av media, og korleis dei reagerer i kritiske situasjonar der viktige demokratiske prinsipp står på spel. I mediesamanheng betyr slik instrumentalisering at medium og journalistar blir brukte som politiske reiskap av medieeigarar og lobbyistar.

- Hovudfunnet er at medieinstrumentalisering fører til spenningar blant journalistar, samt mellom journalistar og politikarar, seier Selvik.

Men sjølv om slik instrumentalisering gjer journalistikken mindre uavhengig - og dermed svekkjer journalistikken si rolle som makthavarane si «vaktbikkje» - motiverer den også engasjerte journalistar til å yte motstand, forklarer han:

- Desse pressefolka aukar handlingsrommet sitt ved blant anna å byggje og bruke kontaktnettverk, spele på motsetningar i det politiske systemet - mellom politikarar og mellom institusjonar, samarbeide med sivilsamfunnsorganisasjonar, utnytte moglegheiter i digitale verktøy og fronte saker som skaper støtte i befolkninga. I desse landa er det ein enorm avstand mellom vanlege folk og mektige, ofte styrtrike, leiarar. Somme journalistar hektar seg på konfliktar mellom grasrota og eliten. Under masseprotestane i Libanon i 2019-2020 blei denne utviklinga sett på spissen. Mange journalistar tok eit sviande oppgjer med den omfattande korrupsjonen og blei slagkraftige talspersonar for protestrørsla som skaka Libanon.

Arabiske medium understuderte

Studien forskarane har gjennomførd i prosjektet, baserte seg på ein kombinasjon av intervjuar, medieinnholdsanalyse og hausting av Twitter-data. Forskarane gjennomførde 42 ansikt-til-ansikt-intervjuar med journalistar i Libanon og 38 i Tunisia, supplert med intervjuar med fokusgrupper og sivilsamfunnsaktørar.

Det er særleg ei grunn til at prosjektet er viktig, ifølgje Selvik:

- Arabiske medium og journalistikk er kraftig understudert og har stor innverknad på den politiske utviklinga i Midtausten.

- Kjøper seg stønad frå mediehus og journalistar

Mens forskarane reknar Tunisia som eit demokrati, er situasjonen ein annan i Libanon. Landet blir rekna som eit såkalla hybrid-regime. Slike regime kombinerer trekk vi forbind med demokrati - som frie val og ytringsfridom - med trekk vi kjenner frå autoritært styre. Som eksempel på sistnemnde trekkjer Selvik fram politikarar som gror fast ved makta og unndreg seg folket sin kontroll.

- Demokratiet i Tunisia er også skjørt og arven etter den tidlegare presidenten Ben Alis einevelde gjer seg framleis gjeldande, ikkje minst i media. Mange tonegivande radio- og TV-kanalar og journalistar fekk posisjonane sine under det gamle regimet og har tette band til elitane frå den gong. Måten dei vinklar nyheitssaker på set ofte overgangen til demokrati i Tunisia i eit dårleg lys, seier NUPI-forskaren.

Han forklarer at både hybridregime og skjøre demokrati blir kjenneteikna av eit permanent og innebygd uvisse som rammar både journalistar og politikarar.

- Uvissa til journalistane skriv seg frå økonomisk avhengigheit av medieeigarane og mangel på effektivt vern av demokratiske rettar. Uvissa til politikarane heng saman med moglegheita for å tape val og medieskandalar fordi det finst ytringsfridom. Politikarar og mogular kjøper ofte stønad frå mediehus og journalistar for å verne seg mot desse farane.

Overraskande funn

Nokre av funna har overraska forskarane.

- Sidan journalistar har fordel av ytringsfridom og demokrati, forventa vi å finne at dei er forkjemparar for sivile og politiske rettar, seier Selvik.

Men då dei gjorde ein systematisk innhaldsanalyse av korleis journalistiske TV-kommentatorar opptrådde i kjølvatnet av terrorangrepet på Bardo-muséet i Tunisia i 2015, oppdaga dei at biletet er meir samansett.

- Fleire tonegivande kommentatorar sådde tvil rundt fordelane med overgang til demokrati og fall tilbake til argument frå Ben Ali-tida om at tryggleik er viktigare. Dei uttrykte full stønad til President Beji Caid Essepsi, som etter angrepet innførte innskrenkingar i sivile rettar og stoppa forsøk på å straffeforfølgje personar skulde for korrupsjon under det gamle regimet.

Tidlegare statsvitskapleg forsking om temaet har fokusert på politikarar og forretningsmagnatane sine strategiar og høve til å manipulere media.

- Vi snur på flisa og viser korleis journalistar navigerer vis-à-vis politikarane og bidreg til uvissa i systemet, seier Selvik, og legg til:

- Funna gir betre forståing av rolla journalistar speler i land som eksperimenterer med demokrati og der mektige aktørar bruker media som reiskap for særinteressene sine. Dei gir særleg ny innsikt i utfordringane og moglegheitene til arabiske journalistar i dag. Ny teknologi gjer at samspelet mellom medium og politikk er i endring verda over. Forskinga vår gir auka kunnskap om korleis kampen for demokrati i den arabiske regionen blir påverka.