Hopp til innhold
NUPI skole

3 ting som må til for å lykkast med EU-utvidinga

Europas første utvidingsforum fann stad i ei tid der vegen til EU-medlemskap ikkje lenger berre er ein politisk prosess, men ein prøvestein for tillit.
ENF03174_169.jpg

BLIR DET JA? "Getting to yes" var tema for eit av panelene på EU sitt utvidelsesforum i november 2025. I forskningsprosjektet Re-engage ser forskarane blant anna på kva som skal til for å koma dit.

Foto: EU-kommisjonen

18. november var europeiske leiarar samla i Brussel til det første utvidingsforumet i EU for å diskutere kva det betyr å ’fullføre unionen’. Men den eigentlege målestokken ligg ikkje i konferansesalar. Suksessen blir avgjord av tilliten, forventningane og frustrasjonane til menneska som bur nærast EUs yttergrenser.

Krigen i Ukraina har gjort utviding til meir enn eit teknisk spørsmål. Den har vorte eit kjernepunkt i Europas tryggleiks- og demokratistrategi. Prosessane går raskare, men grunnlaget som legitimerer utviding tillit, sosial inkludering og legitimitet er langt frå jamt fordelt i nabolanda. 

Frå politikk til menneske

Forumet i november markerer eit skifte i korleis EU forheld seg til framtidige medlemsland. Det samla leiarar, sivilsamfunn og ungdomsdelegatar i ei tid der haldningane i kandidatlanda er både håpefulle og skjøre. Det sentrale spørsmålet er om Europa kan matche politiske ambisjonar med sosial legitimitet.

For å forstå korleis folk sjølv ser på EU og framtida, samla det NUPI-leidde RE-ENGAGE-prosjektet inn data i seks land: Serbia, Bosnia-Hercegovina, Albania, Georgia, Moldova og Ukraina. Folk vart spurt om kven dei stoler på for å sikre dei tryggleik og moglegheiter, synet på EUs engasjement i landet, og kva for nokre internasjonale partnarar dei ville vende seg til i ein tenkt krisesituasjon.

Kva innbyggjarane fortalde oss

RE-ENGAGE kombinerer nasjonale spørjeundersøkingar, fokusgrupper og vignetteksperiment som testar åtferd og haldningar i realistiske krisescenarium. Forskinga gir eit av dei tydelegaste komparative bileta av korleis folk vurderer EUs truverd, demokratiske verdi og robustheit.

På tvers av alle dei seks landa er tilliten til eige  lokalsamfunn høg. Tilliten til nasjonale institusjonar varierer derimot betydeleg og er nært knytt til personlege erfaringar med offentlege tenester og  erfaringar frå eigen kvardag.

Serbia: Tilliten til nasjonale institusjonar er blant dei lågaste blant case-landa. Innbyggjarane knyter mistilliten sin til dårlege offentlege tenester og til ei oppfatning om at EU har tolerert president Aleksandar Vučić sitt hybride system i byte mot stabilitet. Berre 6 prosent meiner at EUs demokratistøtte har styrkt demokratiet, sjølv om 69 prosent framleis ser EU som viktig for serbisk økonomi.

Bosnia-Hercegovina: Mistilliten til offentlege institusjonar og regjeringa er stor, medan haldningane til EU framleis er positive. Mange ser EU som avgjerande for tryggleik og rettsstaten, men halvparten meiner at dagens EU-støtte ikkje samsvarer med lokale behov.

Albania: Tilliten til styresmaktene er høgare enn i Bosnia-Hercegovina, og trua på EUs engasjement er sterkare. Meir enn halvparten av respondentane meiner at EUs demokratistøtte har hatt ein positiv effekt.

Georgia: Tilliten til styresmaktene er blant dei lågaste i regionen. Under 40 prosent meiner at EU-støtta når dei rette mottakarane, sjølv om eit klart fleirtal framleis ser EU som ein viktig demokratisk aktør for landet.

Moldova: Innbyggjarane viser relativt høg tillit til offentlege institusjonar og stor tilfredsheit med tenestene. 77 prosent meiner at EU-støtta er godt målretta. Likevel er forståinga om dei store EU-prosjekta i landet avgrensa, noko som peikar på ei kommunikasjonsutfordring heller enn ein feilslått politikk.

Ukraina: Førebelse funn liknar på Albania. Støtta til EU held fram med å vere høg, og forventningane er realistiske trass i pressa frå krigen.

Sett under eitt viser data at folk er positive til EU og pågåande engasjement, men at tilknyting og synlegheit ikkje alltid følgjer med. Innbyggjarane gir EU høgare tillit der støtta forbetrar kvardagen og blir tydeleg kommunisert.

Dette må til for å lykkast

Viss utvidinga skal sikre Europas framtid, må ho omfatte både institusjonelle framsteg og sosialt truverd.

  1. Fordjuping og utviding må gå hand i hand. Granada-erklæringa forplikta medlemslanda til å knyte interne reformer til framtidige utvidingar, men lite har skjedd sidan. Den kommande gjennomgangen av utvidingspolitikken bør gi ein tidsplan og konkrete og klare mål.
  2. Samfunna må sjå seg sjølve som partnarar. Sivilsamfunn, medium, lokale styresmakter, opposisjonsparti, akademia og privat sektor har alle ei interesse i prosessen. Deltakinga deira bør vere strukturert, synleg og kontinuerleg.
  3. Reformarbeid og tidlege integrasjonsfordelar må forsterke kvarandre. Ein meiningsfull reformplan vil sende eit tydeleg signal om at medlemslanda er forplikta til utviding. Samtidig kan vellykka gjennomføring av «vekstplanane» for Vest-Balkan og Moldova gjere Europa til ein del av kvardagen, ikkje berre ein politisk ambisjon.

RE-ENGAGE-funna understrekar at folk har størst tillit til EU når støtta er nær, synleg og forankra i lokale samfunn.

Frå utviding til robustheit

Utviding handlar ikkje lenger berre om å teikne Europa-kartet ferdig. Det er no eit sentralt verktøy for å motverke desinformasjon, maktkonsentrasjon og økonomisk press utanfrå. Men Europas evne til å stå imot slike truslar avheng av indre styrke. EUs truverd utetter blir forma av samhøyr, offentleg støtte og ei felles forståing av truslane.

Eurobarometer-undersøkingar viser ujamn støtte til utviding på tvers av dagens medlemsland. Medan opinionen i Norden og Baltikum sterkt støttar medlemskap for Ukraina og Moldova, held andre land fram med å vere meir nølande. Med berre 41 prosent støtte totalt  må avgjerdstakarar forklare kva Europa står i fare for å miste dersom utvidinga stoppar opp. Dette krev dialog med innbyggjarane, ikkje berre bodskapar retta mot elitar.

For å gå vidare bør EU:

  • Gi fleire tidlege fordelar, som roaming, SEPA, Horizon og Erasmus + 
  • Kommunisere resultat meir transparent og lokalt, gjennom delegasjonar og ambassadane til medlemsstatane 
  • Støtte sivilsamfunnet i å overvake reformer 
  • Sikre at folk merkar konkret framgang før medlemskapen formelt blir realisert

 

  • Høyr denne podkastepisoden frå Re-Engage sin serie "The Neighbourhood":

 

Blir ikkje avgjort i møterom

Medan EU diskuterer korleis Unionen skal fullførast, blir suksessen avgjord eit heilt annan stad: I kvardagen, på skular, arbeidsplassar, rådhus og i lokale, sivile organisasjonar. Det er her folk avgjer om Europa ikkje berre er til stades men faktisk betyr noko.

 Alle data som blir brukte i denne artikkelen er henta frå RE-ENGAGEs originale feltarbeid, inkludert spørjeundersøkingar, fokusgrupper og vignetteksperiment i seks land. Funna er førebelse. Fullstendige publikasjonar vil bli gitt ut mot slutten av 2025 til første kvartal av 2026.

Temaer

  • Regional integrasjon
  • Europa
  • EU
  • Ny forskning
Relevant innhold
Forskningsprosjekt