Hopp til innhold
NUPI skole

Er Noreg klimahyklar eller redningsland?

Noreg pumpar opp olje og sender ut av landet. Samtidig prøver vi stadig å profilere oss som ein klimaforkjempar. Men korleis står det eigentleg til med klimaomdømmet vårt ute i verda? Forskarar på NUPI har sett på godt over tusen tweets for å undersøkje det.
Oljeplattform med Utenrikshospitaletlogo_small.png

- I takt med at klima får stadig større fokus i andre politikkområde, som utanrikspolitikk og næringspolitikk, blir det vanskelegare å behalde tiltru og tyngd når ein ber andre om å kutte utslepp mens Noreg tener ein drøss med pengar på eksport av ikkje-fornybare energikjelder, seier seniorforskar Elisabeth Lio Rosvold.

Foto: NTB

Personer

Elisabeth L. Rosvold
Tidligere ansatt
Tatjana Stankovic
Seniorforsker

Er ambisjonen om å vere ein klimaforkjempar ute i verda forenleg med at Noreg produserer ei omfattande mengd olje og gass?
Det er eit av kjernespørsmåla i eit nyleg utgitt spesialnummer av Internasjonal Politikk. 

I episode 7 av NUPI sin podkastserie Utenrikshospitalet møter vi gjesteredaktør for nummeret, Elisabeth Lio Rosvold saman med ein av artikkelforfattarane, Tatjana Stankovic. Begge er seniorforskarar på NUPI

- Det korte svaret på det spørsmålet er ja, per i dag er det forenleg, seier Rosvold, og utdjupar:

- Mykje av grunnen til det er Parisavtalen, kor Noreg er ansvarleg for utsleppa som blir knytte til oljebruk på norsk jord. Mens all oljen vi eksporterer kjem på «rekninga» til landa som bruker den.

Høyr episoden her:

Parisavtalen er ein avtale frå 2016 som skal få alle land i verda til å redusere klimaendringane.  Hovudmålet er at det ikkje skal bli meir enn 2 gradar varmare på jorda. 

- Vil ikkje nødvendigvis kome så godt utav det

I spesialnummeret ser bidragsytarane lenger fram i tid, og spør: Kan Noreg berre fortsetje å tene pengar på oljeeksport, som slepp ut ekstremt mykje CO2, samtidig som landa internasjonalt gjer eit stort poeng ut av å vere ein klimaforkjempar? 

Les også: Foreinleg med Noreg si rolle som petroleumsprodusent?

- I takt med at klima får stadig større fokus i andre politikkområde, som utanrikspolitikk og næringspolitikk, blir det vanskelegare å behalde tiltru og tyngd når ein ber andre om å kutte utslepp mens Noreg tener ein drøss med pengar på eksport av ikkje-fornybare energikjelder. Dersom ein ikkje klarer å nå måla i Parisavtalen, blir det helt nødvendig med ganske drastiske tiltak etter kvart, og utan truverd til å be store land om å kutte, tenkjar eg at Noreg ikkje nødvendigvis vil kome så godt ut av det, seier Rosvold.

Omdømme som politisk kapital

Men kva kan konsekvensen bli dersom det går dårleg med Noregs omdømme? Kvifor skal vi i det heile tekne bry oss om det?

- Noreg er jo ein veldig liten stat. Ein kan sjå på omdømme som politisk kapital som gjer at vi kan få gjennom våre interesser internasjonalt, for eksempel i FN, men også økonomisk. Å ha eit godt omdømme kjem norske interesser til gode, spesielt for Noreg som er så liten og der det ikkje er noko automatikk i at vi skal vere med å fastsetje. For oss ligg mykje av innverknad vår nett i integriteten og tilliten vår andre har til at vi vil noko bra, forklarer Rosvold. 

Les også Hvor hender det?: Dette betyr klimaendringene for utenrikspolitikken

Så korleis står det eigentleg til med klimaomdømmet til Noreg ute i verda for tida?

Utsett omdømme

Seniorforskar Tatjana Stankovic (NUPI) har saman med kollegaene Indra Øverland og Ole Jacob Sending analysert over 1000 tweets for å undersøkje nett det i artikkelen "Noregs klimaomdømme på Twitter". 

Her har forskarane sett på kva folk tvitra om Noreg under klimatoppmøtet i Glasgow i fjor. Dei har undersøkt tweets på engelsk, og for å få eit godt blide av omtalen av Noreg, har dei samanlikna tweets om Noreg med tweets om Sverige i same periode. 

- Vi forventa at omtalen skulle vere negativ. Men sjølv om Noreg er ein storskala produsent av olje og gass, finn vi at tweets om Noreg og tweets om Sverige har same grad av negativitet, fortel ho.

Les også:

Det er likevel ein forskjell i kva den negative omtalen går ut på mellom dei to landa.

- Negative tweets om Sverige er meir generelle, knytt til manglande ambisjonar som gjeld alle land, mens negative tweets om Noreg er er spesifikke og knytt til olje- og gassproduksjonen, seier Stankovic, og legg til:

-  Men det viktig å seie at sjølv om Twitter har blitt eit av dei viktigaste media for offentleg debatt, har Twitter klare innskrenkingar. Det gir ikkje eit representativt utval av befolkninga. Twitter-brukarane er gjerne yngre, har høgare utdanning og er meir politisk interesserte. 

Det store spørsmålet blir altså: Kva seier Stankovic og kollegaene sine Twitter-funn om korleis resten av verda ser på oss? 

- Analysen vår seier at norsk omdømme ikkje er svekka eller vesentleg endra per i dag. Men det er jo utsett, fordi assosiasjonen til olje- og gassproduksjon for mange framstår som mulig å foreine med ein ambisiøs klimapolitikk, avsluttar seniorforskaren.

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Klima
  • Energi

Personer

Elisabeth L. Rosvold
Tidligere ansatt
Tatjana Stankovic
Seniorforsker