Hopp til innhold
NUPI skole

NUPI-forskar skal leie ekspertgruppe

Niels Nagelhus Schia skal leie ei ekspertgruppe som skal sjå på korleis kunstig intelligens kan påverke demokratiske val.

Forskar 1 ved NUPI, Niels Nagelhus Schia, er blitt plukka ut til å leie ei ekspertgruppe.

Foto: Therese Leine/NUPI

2024 er eit historisk valår. Aldri før har så mange veljarar gått til valurnene over heile verda. Det er blant anna val i USA og til Europaparlamentet. Samstundes står vi midt i ei rask utvikling innan kunstig intelligens (KI), som kan auke omfanget av desinformasjon og uønskt påverking ved val.

Råd til stortingssvalet

Regjeringa har derfor sett ned ei hurtigarbeidande ekspertgruppe, som skal kartleggje erfaringar frå vala i 2024 og gje tilrådingar om korleis vi i Noreg kan førebu oss på stortingssvalet i 2025.

Gruppa skal leies av Niels Nagelhus Schia, som er forskar 1 og medleiar for NUPIs senter for forsking på ny teknologi.

− Tillit til vala våre er heilt avgjerande for demokratiet vårt. Derfor skal vi no lære av årets val rundt om i verda for å klargjere både moglegheiter og sårbarheiter i vårt eige demokrati. Eg meiner det er svært viktig at vi no aktivt søkjer kunnskap om korleis kunstig intelligens kan påverke gjennomføring av trygge og gode val i Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande i ei pressemelding. 

Niels Nagelhus Schia og kommunal- og distriktsminister Erling Sande på lanseringa for ekspertgruppa. 

Foto: Therese Leine/NUPI

Vil avdekke sårbarheiter

− Eg ser fram til å utforske dei djupe implikasjonane kunstig intelligens kan ha på dei demokratiske prosessane våre. Vi ønskjer å forstå betre korleis KI både kan styrkje og utfordre demokratiske val. Vi vil jobbe målretta for å gi tilrådingar som sikrar at dei demokratiske institusjonane i Noreg vil vere like robuste og tillitsskapande i framtida, uttalar Nagelhus Schia.

Generativ KI har auka kraftig dei siste åra. Det kan produsere tekst, lyd, bilete og video som i stadig større grad kan stå fram som ekte innhald, og det er krevjande for veljarane å avdekkje kva som er skapt av menneske, og kva som er skapt av KI.

− Eg håpar og trur ekspertgruppa vil bidra til at vi får meir kunnskap om kva slags sårbarheiter vi står ovanfor, og korleis teknologien kan påverke norske val i framtida, seier statsråden.

Ekspertgruppa består av:

  • Niels Nagelhus Schia (Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI))
  • Bente Kalsnes (Høyskolen Kristiania)
  • Lars Raaum (Mediebedriftenes Landsforening)
  • Helle Sjøvaag (Universitetet i Stavanger)
  • Heidrun Åm (NTNU)
  • Julie Ødegaard Borge (NLA Høgskolen Bergen)
  • Rune Karlsen (Universitetet i Oslo) 
  • Anne Sofie Molandsveen (NORCAP – Flyktninghjelpen)

Dei tek sikte på å levere arbeidet sitt innan 31. desember 2024.