Hopp til innhold
NUPI skole

PODCAST: Trump - symptom eller årsak?

- Det skremmande er at Donald Trump no faktisk trur han har teken på jobben sin.

TILLIT SOM FORVITRAR: Det amerikanske folket sin tillit til regjeringa si er nær eit historisk botnpunkt. Kva konsekvensar har amerikansk mistillit til den politiske eliten for internasjonal politikk, og kva er årsakene til denne mistilliten?

Foto: NTB Scanpix

TILLIT SOM FORVITRAR: Det amerikanske folket sin tillit til regjeringa si er nær eit historisk botnpunkt. Kva konsekvensar har amerikansk mistillit til den politiske eliten for internasjonal politikk, og kva er årsakene til denne mistilliten?

Foto: NTB Scanpix

Det sa forskar og Washington Post-kommentator Daniel Drezner då han gjesta NUPI for ein ekspertsamtale med forskingssjef Ole Jacob Sending 20. mars. Arrangementet var andre del av seminarserien vår En verd av mistillit.

  • Høyr heile diskusjonen som NUPI podcast:

 

- Ikkje sjokkerande

Det overgripande spørsmålet på seminaret var: Kva konsekvensar har amerikansk mistillit til den politiske eliten for internasjonal politikk, og kva er årsakene til denne mistilliten? Som Sending illustrerte fyrst, viser tal frå Pew Research Center at det amerikanske folket sin tillit til regjeringa si er nær eit historisk botnpunkt.

- Ein kan hevde at grafen viser den økonomiske utviklinga i USA. Det var økonomisk vekst på 1990-talet, og under Clinton ser vi ein auke i tillit. Men så kjem ein stø nedgang frå Bush jr., som fortset under Obama og Trump. Desse reisene spørsmålet om valet av Trump som USA sin president er eit symptom på heller enn ei årsak til mistilliten, sa Sending.

Les også.

 Drezner sa seg einig.

- Trump er i mykje større grad eit symptom på enn ei årsak til forvitringa av tillit til institusjonane i USA, sa han og la til:

- Du kan ikkje laste amerikanarar for å plutseleg ikkje stole på eliten lenger. Etter 11. september har dei vore vitne til ein krig i Afghanistan som ikkje er over enno, så enda ein krig i Irak som ikkje har noko med den i Afghanistan å gjere - og som framleis ikkje er over - og den største økonomiske krisen på eit hundreår. Det er altså ikkje sjokkerande å sjå denne forvitringa av tillit.

  • Høyr det fyrste seminaret i denne serien, der NUPI-forskar Morten Bøås og MERI-president Dlawer Ala'Aldeen snakkar om mistillit i Midtøsten her:

 

Både stillstand og endring

På det tryggingspolitiske feltet har Trumps tilnærming bestått av mykje ord og lita handling, ifølgje Drezner.

- Faktisk har det i stor grad vore status quo her, om du ser bort frå retorikken - sjølv om det er snakk om eit ganske stort om la han til.

Nokre ting har likevel endra seg dramatisk.

- I fjor snakka ein om ein 'axis of adults' i Trump-administrasjonen. Mens Trump sjølv kan vere eit missil på ville vegar når det gjeld politikk, var det framleis vaksne med han - som forsvarsminister Jim Mattis, utanriksminister Rex Tillerson, eller John Kelly og Gary Cohn. Det blei hevda at desse ville forhindre Trump frå å handle ut frå dei verste impulsane sine.

Drezner fortsett:

- Men eg har dårlege nyheiter: Alt det er borte. Eg veit ikkje kor viktig det eigentleg var, men det skremmande er at Donald Trump no faktisk trur at han har teken på jobben sin. Han har hatt den i eitt år, og i auga hans veit han faktisk betre enn rådgivarane sine.

Gjer internasjonalisme 'great again'

Drezner peikte også på ein noko overraskande effekt av Trumps motstand mot den liberale internasjonalen orden, som i turen sin kan få uventa utfall:

- Det rare er at når amerikanarar blir spurde om haldningar til frihandel, innvandring eller alliansar viser tala at dei plutseleg har blitt meir entusiastiske. Donald Trump har gjort liberal internasjonalisme 'great again'. Han har gjort amerikanarar meir positive til desse tinga enn dei var for fire år sidan.

  • Du kan også sjå seminaret på YouTube:

PS! Ikkje gå glipp av dei neste seminara i denne serien. 3. mai kjem professor Shi Yinhong (Renmin University of China, Beijing), og 14. juni kjem Russlandsekspert Fyodor Lukyanov. Følg med på arrangementssidene våre for annonsering, følg oss på Facebook, eller abonner på nyheitsbrevet vårt ved å registrere deg nedst på denne sida.

Temaer

  • Nord-Amerika
  • Styring

Fakta

Daniel Drezner er professor ved Tufts University og kommentator i Washington Post. Han følgjer amerikansk politikk tett og har skrive ei rekkje bøker, blant anna om global styring og om USA si rolle i internasjonal politikk. Den siste boka hans, The Ideas Industry, viser korleis ulikskap og ideologisk polarisering har endra den offentlege debatten, og korleis dette vil kunne påverke den politiske utviklinga i USA og elles.