Samarbeid for fred og likestilling: Ingrid Aunes Minnefond og NUPI inngår avtale
Avtalen gjer det mogleg for éin masterstudent kvart år å fordjupe seg i tema som stod Ingrid Aune nær – spørsmål om korleis verda kan bli tryggare, meir rettferdig og meir likestilt. Studenten får ein 20 prosent stilling som vitskapleg assistent ved NUPI, og dermed både fagleg rettleiing og praktisk erfaring i eit av Noregs fremste utanrikspolitiske miljø.
- NUPIs masterstillingar for 2026 er kunngjorde, med søknadsfrist 2. november 2026. Les meir her.
– Dette samarbeidet handlar om å føre vidare Ingrids engasjement for fred og rettferd – og om å gi unge forskarar høve til å bidra til dei same verdiane ho kjempa for, seier styret i Ingrid Aunes Minnefond.
Studenten som får støtta skal presentere arbeidet sitt under utdelinga av Ingrid Aunes Minnepris 19. oktober – ei markering som samlar menneske som deler Ingrids engasjement for fred, likestilling og internasjonalt samarbeid.
Gjennom samarbeidet ønskjer fondet og NUPI å inspirere fleire unge til å engasjere seg i globale spørsmål, og å bidra til ny kunnskap som kan gjere ein forskjell.
Avtalen gjeld i tre år, med moglegheit for forlenging.
Ingrid Aune jobba som vitenskapeleg assistent på NUPI i 2009.