Hopp til innhold

Vatn – livsviktig og strategisk ressurs (1 av 2)

Frå mange kantar lyder det: Kampen om stadig knappare ressursar vil spisse seg til. Energi, mat og vatn står i fremste rekke mellom desse ressursane – ofte også omtalt som strategiske ressursar. Av dei tre ressursane er vatn den vi minst kan klare oss utan. Eit menneske kan ikkje leve utan vatn i meir enn noen få dagar. I delar av verda blir skorten på vatn tydelegare og tydelegare. Og betre synest det ikkje å kunne bli i næraste framtid: Ein  forventa befolkningsauke på meir enn 1 milliard innan 2025, globale klimaendringar, industrialisering, urbanisering og meir vasskrevjande livsstil i fleire delar av verda står sentralt i framtidsbildet.

Personer

Ivar Windheim
Tidligere ansatt
  • Kor viktig er vatn?
  • Korleis er vatnet fordelt?
  • Korfor er det blitt knapt med vatn i ei verd rik på vatn?
  • Kva kostar forureina vatn?

Vatn betyr liv og gir levebrød. Kampen for det daglege vatn har hatt stor betydning for samfunns utvikling, frå dei første elvesivilisasjonane ved Eufrat og Tigris, Indus og Nilen og til dei moderne industrisamfunna. Truleg vil kampen om vatnet bli den viktigaste ressurskonflikten i tiåra som kjem. Kanskje kan vi ta det som eit teikn at sjølvaste James Bond er blitt involvert i vatn. I den seinaste Bond-filmen (Quantum of Solace) er forsyninga av vatn i Bolivia eit hovudtema.  Der har sjefsskurken tatt kontroll over vassressursane i landet.

Sett utanfrå framstår jorda som svært rik på vatn – som den blå, vassrike planeten i vårt solsystem. To tredelar av jordoverflata er dekt av vatn. Likefullt blir den fornybare ressursen ferskvatn ein stadig knappare ressurs. Tilgangen på vatn varierer sterkt både mellom og innanfor land – og ikkje minst: mellom grupper innanfor land. Noen regionar opplever kronisk mangel på vatn, mens for andre er det meir sesongprega. Men, som det også blir sagt i ein FN-rapport: «Den skorten som ligg til grunn for den globale vasskrisa, har sin rot i maktforhold, fattigdom og ulikskap – ikkje i faktisk mangel på vatn.»

Vatn - ein menneskerett

Eitt av tre menneske opplever i dag skort på vatn (FN: mindre enn 1000 m3 per år). Globalt bur om lag ein av fem i område med fysisk skort på vatn, og talet aukar sterkt.  I tillegg kjem at ein av fire opplever økonomisk skort på vatn fordi dei manglar økonomiske midlar og dermed infrastruktur (rørleidningar, demningar osv) til å gjøre seg nytte av vatnet som er innan rekkevidde. I 2025 reknar FN med at to tredelar av den globale befolkninga vil leve med vasstress. Globale klimaendringar bidreg til å forverre bildet.

Det er ein menneskerett å få dekt sitt grunnbehov for reint vatn, jf. konvensjonen om økonomiske og sosiale rettar. Staten har plikt til å levere, og den enkelte har rett til tilstrekkeleg, reint, fysisk tilgjengeleg og rimeleg vatn til personleg bruk og til hushaldsbruk. Mellom anna Uruguay har ført retten til vatn inn i grunnlova. Per i dag lever ca. 900 millionar menneske utan reint drikkevatn.

Verdenskart som viser hvor det er størst behov for vann

Kjelde: www.unesco.org/water/wwap/wwdr/

Mellom FNs tusenårsmål finn vi dessutan som del av det sjuande målet – å halvere talet på dei som lever utan trygt drikkevatn. Ja, eigentleg, seier FN, er betre vassforsyning med å påverke om alle dei åtte FN-måla blir nådde innan 2015. Ikkje minst det første målet om å få slutt på ekstrem fattigdom.

Reinare vatn vil føre til lågare dødstal for barn og mindre sjukdom og direkte stimulere produktivitet og skolegang. Eit u-land vil derfor oftast få mange gonger igjen for det ein måtte investere i betre vassforsyning og betre sanitære forhold.

Fotavtrykk av vatn

Gjennom dei siste femti åra har det globale vassforbruket blitt  tredobla. Vi veit at ein slik sterk auke ikkje kan halde fram. Vi kan rekne forbruk av vatn som fotavtrykk av vatn – for eit produkt vil det seie kor mye vatn som går med til å produsere eit bestemt produkt eller teneste. Veit vi det, kan vi rekne oss fram til fotavtrykket av vatn også for eit land:

Dette målet reknar med alt forbruket av vatn som går med til å produsere alt vi forbruker av varer og tenester i løpet av eit år. Det skal syne kor mye vatn eit land verkeleg bruker. Ein legg da saman

  • det vatnet som landet hentar ut frå innanlandske kjelder – av eige elvevatn og grunnvatn, og
  • det eksterne fotavtrykket – det vatnet som går med i andre land til å produsere varer og tenester som befolkninga i landet forbruker årleg. Som ein kan forstå heng dette saman med internasjonal handel og det vatnet som ligg «innbakt» i varer eit land importerer.

Siste del av fotavtrykket blir gjerne kalla virtuelt vatn. Til dømes går det i snitt med 16 000 liter vatn til å frambringe eit kilo oksekjøtt. Om kjøttet er produsert i Botswana og blir importert til Norge og forbrukt her, skal det telle med i det norske vassforbruket. På ein måte importerer Norge slik alt det vatnet som er gått med til å produsere kjøttet. Til eksempel ville vassituasjonen i Mexico ha vore enda meir dyster om landet sjølv skulle produsere all kveite og mais som landet i dag importerer frå USA.

Illustrasjon som viser hvor mange liter vann som trengs for å produsere 1kg med ...

Kjelde: waterfootprint.org

Det totale fotavtrykket av vatn er mao. langt større enn det vi dagleg tar ut direkte til å drikke, vaske oss osv. Høgast låg Turkmenistan – eit land med utstrakt bomullsdyrking. For gjennomsnittsamerikanaren var det i 2004 ca 2483 m3 vatn; gjennomsnittsinnbyggaren i Kina ca 700 m3 per år. Gjennomsnittet i verda var 1243 m3 per år. Med andre ord: Forbruket varierer sterkt mellom landa. Dei faktorane som bestemmer fotavtrykket er volumet på forbruket, forbruksmønster (om ein et kjøtt eller korn), klima (fordamping med meir) og praksis i jordbruket (effektiv bruk av vatnet reduserer fotavtrykket).

Forbruk av vatn blir sett som eit teikn på modernisering, urbanisering og teknologisk utvikling. Høgt forbruk ber bod om høg levestandard. Det blir også rekna som eit teikn på livskvalitet. Med bare få liter per dag kan du ikkje vaske deg skikkeleg, halde ein god hygiene, lage god nok mat osv. og samtidig ha ein økonomi der jordbruk, industri og tenestenæringar blomstrar.

Korfor aukar forbruket?

Mellom 1960 og 2010 auka befolkninga i verda frå 3 til nær 7 milliardar menneske. Mange av dei områda der folketalet veks raskast, er også dei områda som har minst vatn. Når uttaket av vatn er for stort og tilgangen på vatn blir stadig knappare i delar av verda, er det ein følge av

  • sterk befolkningsvekst – i underkant av 80 millionar kvart år
  • økonomisk utviklingindustrialisering, urbanisering og auka individuelle krav og forbruk
  • forureining av vatn frå landbruk, industri og transport – dårlegare kvalitet på vatnet
  • klimaendringar aukar fordampinga og gjør noen område tørrare. Ekspertar gir klimaendringane skulda for 20 prosent av den veksande skorten på vatn i verda.
  • dårleg styring og forvaltning av forbruket av vatn mangel på kapital til å investere i vassforsyning og -avløp – i demningar og leidningar.

Det siste hundreåret har det globale forbruket av vatn auka meir enn dobbelt så raskt som verdsbefolkninga. Ja, faktisk er forbruket tredobla dei siste 50 åra.

Kakediagram som viser hva slags type vann jorden har

Meir kunstig vatning i jordbruket

I eit langt historisk perspektiv er det viktig å understreke dei djuptgripande endringane som i det siste hundreåret har funne stad i vår måte å utnytte vatnet på. Fortsatt er produksjonen av jordbruksvarer i hovudsak basert på nedbør, men irrigasjon (kunstig vatning) betyr langt meir enn tidlegare. Den grønne revolusjonen i jordbruket har vore svært viktig for å kunne brødfø ei stadig veksande verdsbefolkning. Ein viktig innsatskomponent i denne revolusjonen finn vi i den kraftige auken i kunstig vatning. Utan den ville det knapt vore mulig å brødfø verdas befolkning.

I 2005 var om lag 17 prosent av det totale jordbruksarealet i verda under irrigasjon. Herfrå kom nær 40 prosent av dei totale avlingane. Globalt står jordbruket for 70 prosent av forbruket av vatn, i delar av verda for over 90 prosent.

Viser hva noen land bruker vannet til

Noen land er heilt avhengige av irrigasjon. I Egypt er nesten 100 prosent av arealet vatna med vatn frå Nilen. Kina, Inda og Pakistan har meir enn halvparten av det totale irrigasjonsarealet i verda. USA, Mexico, Australia og område i det tidlegare Sovjetunionen er andre land med mye irrigasjonsjordbruk. Det vanlegaste er overflateirrigasjon der mye vatn går tapt på veg til plantane. Viktige unntak frå denne sløsinga i irrigasjonsjordbruket er Israel, California, Kypros og delar av Europa der det er utvikla meir moderne, effektive og vassparande system for kunstig vatning (slangar, dråpeirrigasjon osv.).  Her går mindre vatn til spille under vatninga.

Industrialisering, urbanisering og bruk av vatn

Vi lever – i eit globalt perspektiv – i den industrielle revolusjonens århundre. Industri treng vatn til energiproduksjon, til kjøling (atomreaktorar bruker enorme mengder vatn til dette), vasking og fjerning av avfall osv. Mye av vatnet går tilbake til den hydrologiske sirkelen (kretsløpet til vatnet), men er ofte forureina (slik det også skjer i jordbruket).

I noen land står industrien for bare fem prosent av vassforbruket, mens andre land bruker opp mot halvdelen av vatnet sitt til dette føremålet. Eit land som industrialiserer og urbaniserer, vil derfor auke behovet sitt for vatn. Ein kan ikkje gå rundt i ein moderne storby utan å vere omgitt av varer produserte med utstrakt bruk av vatn.

Industrialisering og urbanisering heng saman. Sett globalt lever vi derfor også i ei tid med omfattande urbanisering. Byane blir fleire, større og får fleire innbyggarar. Den delen av verdas befolkning som bur i byar, har vakse dramatisk – særleg etter 1945. Faktisk bur meir enn halvparten av menneska i dag i byar, og talet stig. Vatn til hushalda utgjør likevel ein liten del av det totale vassforbruket. Mesteparten av det globale ferskvatnet går til jordbruket.

Viser vannets kretsløp

Kjelde: //ga.water.usgs.gov/edu/watercyclenorwegian.html

Urbanisering og modernisering har auka hushaldas forbruk av vatn, og i mange område er det å skaffe tilstrekkeleg vatn til folk i storbyane blitt eit hovudproblem. Bruk av vatn i heimane blir oppfatta som eit mål på velstandsutvikling (dusj, wc, oppvaskmaskin, vaskemaskin osv.). Ein bybuar er med andre ord meir vasskrevjande enn ein som bur på landsbygda. Soleis er prosentdelen av dei som har reint drikkevatn og skikkelege sanitærforhold, større i byane enn på landsbygda. 2 av 10 utan reint vatn bur i byar.

I 2010 hadde 64 storbyar meir enn 5 millionar innbyggarar;  16 hadde meir enn 15 millionar innbyggarar. Byauken vil stille enorme krav ikkje bare til tilførselen av vatn (og avløp), men også til teknologi og sosial fordeling. Storbyar krev lange forsynings- og avløpslinjer, mye vatn og god administrasjon og fordeling. Mye vatn går tapt i leidningar som lekk.

Forureining av vatn

Forureining av vatn er ikkje noe nytt og er heller ikkje blitt oppfatta som eit problem bare i moderne tid. Men det er først med industrialisering og bruk av kunstgjødsel i jordbruket at problemet har fått globale og trugande dimensjonar. Tilførselen av vatn blir redusert av forverra kvalitet på vatnet. I 2008 mangla 2,6 mrd. menneske tilstrekkeleg gode sanitære forhold, mens nær 900 millionar mangla reint vatn.

Forureining kostar: Sjukdommar relaterte  til ureint vatn (malaria, diaré, kolera…) kostar aleine rundt 3 millionar menneske livet kvart år; nær 5000 barn dør kvar dag og før dei fyller fem år som følge av slike sjukdommar. Av dei står diaré aleine for nær 4000. Ureint vatn kostar også i form av fråvær frå jobb og skole og nedsett arbeidsevne.

Sagt på ein annan måte: Reinare vatn gir større motstandskraft. Kvar dollar investert i betre vassforsyning og betre sanitæropplegg vil kaste av seg 4–12 dollar (FN-rapport). Når meir enn 80 prosent av kloakken i u-land renn ureinsa ut i elver, sjøar og hav, syner det i seg sjølv kva for ei smittebombe ein finn der. Til eikvar tid er nær halvdelen av alle som bur i u-land plaga av helseproblem som skuldest mangel på vatn og sanitærtenester.

Bilde av forurenset vann

I storbyane i industrilanda er det investert i store reinseanlegg, slik at innbyggarane i London kan bruke det samme vatnet frå Themsen åtte gonger. Av dei 50 mill. menneska som bur i nedbørsfeltet til Rhinen, drikk 20 mill. av dei reinsa Rhin-vatn. Vasskvalitet kan betrast, men dét krev noe mange land har lite av – pengar.

Dei to artiklane om vatn, HHD 13 og 14, har henta noen tekstbrokkar frå to tidlegare utgåver om vatn (1997), begge skrivne av Terje Tvedt (professor ved Universitetet i Bergen) og med tillating frå han til å bruke stoffet på denne måten.

Temaer

  • Humanitære spørsmål
  • Konflikt

Personer

Ivar Windheim
Tidligere ansatt