Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Frukostseminar: Ei verd av mistillit – kva gjer Kina?

Internasjonale tillitskriser pregar nyheitsbiletet, men korleis er Kina til dette? Og kva betyr Kinas eiga utvikling for det internasjonale engasjementet i landet?
02 mai 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Engelsk

Kina er i ein spesiell situasjon. Kinesarar er kjende for å uttrykkje høg tillit til dei nasjonale institusjonane sine, mens mistillit og konflikt ofte pregar forhold mellom land i regionen. Mange regionsmakter styrkjer dei militære musklane sine, og dei patriotiske og nasjonalistiske straumdraga er sterke. Samtidig promoterer Kina frihandel og samarbeid og vil at verda skal sjå fordelane av det Kina gjer, ikkje minst i forhold til sitt enorme Belte og Vei-initiativ.

3. mai besøkjer professor Yinhong Shi NUPI. Saman med seniorforskar Hans Jørgen Gåsemyr vil han diskutere korleis Kina tar omsyn til regional og internasjonal mistillit, og prøve forklare korleis Kinas internasjonale engasjement kan forståast i lys av den nasjonale utviklinga i landet.

Yinhong Shi er professor ved Renmin University, Beijing. Han er blant sitt lands fremste forskarar på kinesisk utanrikspolitikk og internasjonale relasjonar. Shi har ei rekkje profesjonelle og honorære posisjonar, inkludert leiar for Renmins Center on American Studies og rådgivar til Statsrådet. Han har skrive eit utal bøker og artiklar og stiller ofte opp på førespurnader frå akademia og media.

Seminaret er det tredje i rekkja i NUPIs samtaleserie «Ei verd av mistillit». Den fokuserer på mistillit som fenomen i både i forholdet mellom ulike land, og innanfor kvart enkelt lands grenser. Første del av serien fokuserte på Midtausten, mens den andre såg på Trump som symtom på amerikansk mistillit til den politiske eliten.

Vi serverer frukost frå 08.30.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Yinhong Shi
Professor, Renmin University, Beijing
Hans Jørgen Gåsemyr
Seniorforsker
02 mai 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Engelsk