Hopp til innhold
COP26-Squid-game_system_toppbilde.jpeg

Kven får leva og kven hvem må døy? Klimatoppmøtet i Glasgow er ingen leik. Verdsleiarane må bli samde om enorme kutt, om vi skal kunne bevare livet på jorda slik som vi kjenner det i dag. På bilete ser vi aktivistar som tek del i ein Squid Game-inspirert demonstrasjon.

Foto: Dylan Martinez/Reuters/NTB

Dragkamp om klima

Verdas auge er retta mot verdsleiarane på klimatoppmøtet COP26 i Glasgow. Det som skjer der, er ingen leik.
  • Kva er klimakonvensjonen og klimatoppmøte?
  • Kva er viktig i år?
  • Kvifor snakkar alle om Parisavtalen?
  • Kva forskjell utgjer det om verda blir varma opp 1,5 eller 2 grader?

På klimatoppmøtet skal det forhandlast om korleis verda skal nå måla for Parisavtalen, spesielt det såkalla 1,5-gradersmålet, som handlar om å halde den globale temperaturauken på maksimalt 2 grader celsius, og aller helst på 1,5 grader, over førindustrielt nivå.

Dette er svært utfordrande fordi den gjennomsnittlege temperaturauken allereie ligg på 1,1 grad. 

Den rekordstore mengda COi atmosfæren fører til at isbrear og snøis i Arktis smeltar og havet stig. På land blir hetebølger og ekstremvêr både meir intense og skjer hyppigare. Faren for flaum, tørke og skogbrann aukar òg. Alle regionane på jorda er råka.

via GIPHY

Kode raud

Den siste rapporten frå FN sitt klimapanel (IPCC), som blir kalla «kode raud for menneska», anslår at det som må til for å nå 1,5-gradersmålet er netto nullutslepp innan midten av hundreåret. Det betyr at vi må fange den CO2-en som vi ikkje klarar å kutte, gjennom til dømes skogplanting eller i underjordiske lager. Vi har med andre ord inga tid å miste.

For å unngå ein svært alvorleg situasjon for heile planeten, må alle land bidra. Det var difor knytt stor usikkerheit til kven av verdsleiarane som kom til å dukke opp i Glasgow. Det er avgjerande at dei landa som slepper ut mest CO2, går i front med dei største utsleppskutta.

COP26-koffert_editor_artikkel_fullbredde.jpeg

Rishi Sunak, Storbritannias finansminister, møtte opp med en grønn COP26-koffert da konferansen startet. Man får håpe dokumentene i kofferten innfrir. 

Foto: Alberto Pezzali/AP Photo/NTB

Kva er FN sin klimakonvensjon?

Den aller første gongen miljøet blei sett på den internasjonale dagsordenen var i 1972, då FN sin første konferanse om menneskeleg miljø blei halden i Stockholm. Her blei FN sitt miljøprogram UNEP etablert. 

20 år seinare blei FN sin klimakonvensjon vedtatt. Ein FN-konvensjon er ein juridisk bindande avtale, der dei partane som har signert, bind seg til å følgje innhaldet i avtalen. I FN finst det konvensjonar som handlar om dei fleste politikkområde, og andre kjente konvensjonar er menneskerettskonvensjonen og FN sin barnekonvensjon. 

Klimakonvensjonen slår blant anna fast at klimaendringar er ei felles utfordring for heile menneskeslekta, og at alle statar i verda har eit ansvar for å sikre at framtidige generasjonar får eit klima dei kan leve i. 

FN sin klimakonvensjon har 197 medlemmar, som er det høgste blant alle FN sine organ. Det betyr at 197 partar har forplikta seg til å følgje reglane som står i han.

Klimakommisjonen kravde eit avgjerdsorgan, og dette blei FN sitt klimatoppmøte (COP), som blir halde éin gong i året. 

Kva er eit klimatoppmøte?

På COP-møta deltar representantar for alle medlemmane i konvensjonen, og målet er å bli samde om korleis konvensjonen skal drivast og kva mål ein skal nå. Det ein kjem fram til her, blir kalla ein avtale eller protokoll.  

Det var COP3 som blei samde om Kyotoprotokollen i 1997, og på COP21 i 2015 nådde ein etter mange mislukka forsøk endeleg fram til Parisavtalen.

Kjernen i COP er forhandlingane mellom dei ulike medlemslanda, men i løpet av dei to vekene konferansen varar, finn òg ei rekkje arrangement i regi av sivilsamfunn, næringsliv, aktivistar, forskarar og medium stad. Dette skjer både i såkalla paviljongar, som både land og utvalde organisasjonar kan organisere, og i den såkalla «grøne sona» der publikum blir invitert til å delta på ulike arrangement. 

Sjølve forhandlingane går føre seg bak lukka dører, men det er mogleg for både mellom-statlege og ikkje-statlege aktørar og organisasjonar å få observatørstatus for å følgje dei.

Årets konferanse blei flytta frå 2020 på grunn av covid-19, men utanom i fjor har konferansen blitt halden årleg sidan 1995. Difor er årets namn COP26.

Både presidentane i Russland og Kina, Putin og Xi, droppa årets toppmøte, og heller ikkje Brasils Bolsonaro og Tyrkias Erdogan har tatt turen til Glasgow. Sjølv om forhandlingane i prinsippet kan skje utan statsleiarane til stades, er det stor symbolpolitikk i kven av verdas statsministrar og presidentar som deltar på toppmøtet.

Kva er måla for årets møte?

COP26-Elizabeth_editor_artikkel_fullbredde.jpeg

Det er Storbritannia som er arrangør for klimatoppmøtet i Glasgow. Mange legger press på topplederne som deltar på møtet. Selv dronning Elizabeth har ytret hva hun mener.

Foto: Neil Hall/NTB

Storbritannia, som er noverande president for klimakonvensjonen og dimed vertsland for årets toppmøte, har lagt fram fire spesifikke mål for konferansen i Glasgow:

  1. Netto nullutslepp innan 2050 for å i det heile tatt mogleggjere 1,5-gradersmålet. 
    For å nå 1,5-gradersmålet må alle land redusere eigne utslepp drastisk. Alle land blir bedne om å rapportere utsleppsreduksjonen sin. Netto nullutslepp inneber at ein må kompensere for utslepp som ein ikkje er i stand til å kutte. Dette kan til dømes bli gjort gjennom karbonfangst og -lagring. 
  2. Sikre klimatilpassing for å beskytte samfunn og økosystem.
    Sjølv om utsleppa blir reduserte, er klimaendringane allereie godt i gang, og for mange land er det heilt avgjerande å sikre auka motstandsdyktigheit mot klimaendringane for å minimere framtidige tap av menneskeliv, infrastruktur og levebrød. Det handlar altså ikkje berre om å redusere utslepp, men òg om å styrke tilpassingskapasiteten til dei som blir hardast råka, hovudsakleg land i det globale sør.
  3. Auka klimafinansiering.
    For å finansiere nødvendig klimatilpassing, har verdas rikaste land lova å gi til saman 100 milliardar dollar årleg. Så langt har dei ikkje levert på dette. For å sikre at også utviklingsland kan bli med på eit grønt skifte, blir det viktig å styrke desse forpliktingane i Glasgow.
  4. Styrke det internasjonale samarbeidet.
    Samarbeid er avgjerande for å redusere både klimaendringane i seg sjølv og konsekvensane av dei. Partane må også bli samde om tidslinja for utsleppskutt og om den såkalla «regelboka» for Parisavtalen. Sjølv om Parisavtalen først blei signert i 2015, er det fleire delar av han som enda ikkje er på plass. På COP25 i Madrid låste forhandlingane seg spesielt rundt artikkel 6, som handlar om klimakvotar. Spørsmål om kor vidt ein kan kjøpe seg unna utsleppskutt er sentralt her.

I tillegg er det venta at nokre av nøkkelsakene vil handle om å avvikle kolindustrien, redusere metangassutslepp, stoppe avskoging og sikre at alle nye bilar som blir selde i 2040 er utsleppsfrie. Spesielt er det venta at kampen om avvikling av fossilt brensel kjem til å bli tøff for forhandlarane.

Den viktige Parisavtalen

Allereie på den første dagen av møtet, peika FN sin generalsekretær på at det krev umiddelbar handling om vi vil nå ambisjonen om å halde liv i 1,5-gradersmålet. Dette er eit hårete mål, som forskarar slett ikkje er samde om vil kunne vere mogleg å nå. 

Parisavtalen som blei vedtatt på COP21 i Paris i 2015, slo fast at alle land skulle redusere utslepp av drivhusgassar for å halde den globale oppvarminga til «godt under» 2 grader, og forsøke å nå eit mål om 1,5 grader. 

Forurensning_editor_artikkel_fullbredde.jpeg

Det må enorme utslippskutt til, for at vi skal klare å nå 1,5-gradersmålet.

Foto: Shinobu Sugiyama/Creative Commons/CC BY-NC-ND 2.0

I tillegg slår avtalen fast at evna til å tilpasse seg skadeverknadane av klimaendringane må aukast, men at klimatiltak ikkje må gå på kostnad av verdas matproduksjon. 

I Parisavtalen blei partane samde om at dei har eit felles, men ulikt ansvar. Det vil seie at land som historisk har sleppt ut mykje og at rike land med meir ressursar og moglegheiter til å redusere utslepp, må ta på seg meir ansvar enn dei som ikkje har same moglegheiter.

Alle land skal sjølv fastsetje nasjonale utsleppsmål, såkalla Nationally Determined Contributions (NDCs), og desse skal oppdaterast kvart femte år. I sommar gjekk den siste fristen ut for å oppdatere utsleppsmåla.

191 land, i tillegg til EU, har signert Parisavtalen, og for det store fleirtalet av desse som også har ratifisert avtalen, er han juridisk bindande på lik linje med nasjonale lover. Det er likevel sånn at det er få moglegheiter til å sørge for at avtalen blir følgd. 

Landa kan difor setje seg så ambisiøse eller ikkje-ambisiøse mål som dei ønskjer, men det er med andre ord ikkje noko internasjonalt politi som kan passe på at dei gjer som dei har lova. 

Kvifor er det så viktig akkurat i år?

Mange hugsar kanskje at Donald Trump, tidlegare president i USA, trekte amerikanarane ut av Parisavtalen. Årets toppmøte er det første møtet etter at noverande president Joe Biden melde dei inn att. Det er difor knytt stor spenning til kva rolle landet vil ta på møtet. 

Å bli samde om eit rammeverk som alle dei fire største utslepparane – Kina, USA, EU og India – støttar, vil vere avgjerande for om møtet kan kallast ein suksess eller ikkje.

I lys av den siste rapporten til FN sitt klimapanel, er det tydeleg at ambisjonane om utsleppskutt må hevast betrakteleg – og det fort. 

Utrekningane basert på dei utsleppsmåla som var innrapportert i juli 2021, viste at totale utslepp i 2030 vil vere 16 prosent høgare enn det dei var i 2010, noko som vil bety ein temperaturauke på 2,7 grader innan utgangen av hundreåret. 

Så sjølv etter at mange land har oppdatert måla sine med yttarlegare utsleppsreduksjon, er vi langt unna 1,5-gradersmålet.

Forskjellen på 1,5 og 2 grader

Forskjellen mellom 1,5 og 2 grader oppvarming av jordkloden er store. 

Forskarar reknar at 1,5 graders oppvarming vil bety at 14 prosent av verdas befolkning kjem til å oppleve alvorlege hetebølger minst kvart femte år. Ved 2 grader aukar talet til 37 prosent. 

Forskjellen på 1,5 og 2 grader vil også bety at 61 millionar fleire vil bli utsette for alvorleg tørke, og mellom 184 og 270 millionar fleire menneske vil oppleve vassmangel ved 2 grader, samanlikna med 1,5 graders oppvarming. 

via GIPHY

Også plante- og dyrelivet vil merke stor forskjell på om verdsleiarane når 1,5-gradersmålet eller om dei berre klarar 2-gradersmålet. I førstnemnde scenario vil 6 prosent av insekt, 8 prosent av planteartar og 4 prosent virveldyr få halvert habitata sine. Ved 2 grader oppvarming vil tala vere respektive 18, 16 og 8 prosent. Dei aller fleste økosystem på jorda vil med andre ord bli hardt råka av ein auke på ytterlegare ein halv grad. 

Som du sikkert forstår, ligg jordas skjebne denne veka i hendene til medlemmane i FN sin klimakommisjon. Dei blir utsette for massivt press både frå unge klimaaktivistar, som Greta Thunberg, og kongelege, som dronning Elizabeth.

Så er spørsmålet om dei klarar å sjå forbi den enkle løysinga, jaget etter profitt og velstand, eller om dei klarar å omsette ord til handling og satse alle korta på å bevare livet på jorda slik som vi kjenner det i dag.

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Humanitære spørsmål
  • Klima
  • FN

Fakta

  • Klimatoppmøte, eller partsmøte, er for medlemmane i FNs klimakonvensjon
  • Blir kalla COP etter «Conference of the parties»
  • I år er det 26. møtet etter at FNs klimakonvensjon blei etablert, og det blir difor kalla COP26