NUPI og Skattjakt-netverket har gleda av å invitere til eit seminar med Dr Adebusuyi Isaac Adeniran.
På dette seminaret (14.00 - 16.00) vil Dr. Adebusuyi Isaac Adeniran ta for seg korleis forkjemparane for Boko Harams opprør i Nigeria har fått høvet til å overliste nigerianske styresmakter når det gjeld å skaffe økonomiske og logistiske ressursar for å oppnå målet om destabilisering i landet.
Adeniran legg særleg vekt på å utforske korleis Boko Haram drar nytte av band på tvers av grenser, familiære forhold og det eksisterande plantasjesystemet i sentrale Sudan, som dagens nordlege Nigeria og Niger var ein del av.
Dr Adebusuyi Isaac Adeniran er gjesteforskar ved Nord-Afrikainstituttet i Uppsala, Sverige, og foreles/forskar i migrasjons- og utviklingsstudium ved Obafemi Awolowo University, Ile-Ife, Nigeria. Han tok doktorgrada i utviklingssosiologi ved University of Ibadan. Han har arbeidet med og publisert omfattande om sosioøkonomiske forhold i Afrika. Han er forfater av Migration and Regional Integration in West Africa: A Borderless ECOWAS (Palgrave Macmillan, 2014). Dr. Adeniran har fått University of Oxford Grant (2014) og CODESRIA's Comparative Research Network Grant (2012 - 2015).