OBS! Dette seminaret er no fullteikna. Påmeldingar som kjem inn etter klokka 16:30 17. august 2015 vil ikkje bli registrert. Seminaret kan likevel følgjast direkte, eller sjåast i etterkant, på NUPIs YouTube-kanal.

Med 224 000 ankommande registrert i byrjinga av august, har talet på migrantar og flyktningar som har kryssa Middelhavet for å komme til Europa allereie overgått totaltalet frå fjoråret (219 000). Talet på døydde så langt er estimert til 2000 - tre gonger så mange som same periode i fjor.

Trass i gjentatte møte vigde denne saka, og trass i enkelte innovative forslag frå EU-kommisjonen, viser EU i det store og heile seg som ute av stand til å levere effektive løysingar.

På dette seminaret vil direktør Ferruccio Pastore (FIERI) analysere dei djupe røtene til den noverande krisa, og dessutan utforske nokre moglege scenario og responsstrategiar.