23. juni 2016 var datoen for avstemminga om korleis eit framtidig forhold mellom Storbritannia og EU vil bli. Resultatet kom som ei stor overrasking på mange - Storbritannia stemde for å forlate EU.

Agata Gostyńska-Jakubowska er forskar ved Centre for European Reform (CER) i London. Ho forskar på på den institusjonelle arkitekturen i EU, avgjerdsprosessar i EU, den institusjonelle dimensjonen av EUs økonomiske styresett og differensiert integrasjon. Dei siste månadene har ho følgt og kommentert debatten om BREXIT. På seminaret i her Oslo vil ho dele innsikta si, kommentere resultata av stemmegivinga og gi ei kort vurdering av konsekvensane for Storbritannia og EU.

Før ho byrja i CER, jobba Agata Gostyńska-Jakubowska som seniorforskar ved Polish Institute of International Affairs i Warszawa med forsking på EUs institusjonelle saker. Ho har vore rådgivar for den polske regjeringa med omsyn til korleis Polen kan styrkje sin posisjon i EU og ho har vore ein viktig formidlar av kunnskap om EU-saker til polsk media. Ho har deltatt i ei rekkje samarbeidsprosjekt finansiert av m.a. International Visegrad Fund, EU-kommisjonen (under EUs sjuande rammeprogram), og dessutan tilskot av forskingsmidlar frå Noreg. Ho har mastergrad i jus og internasjonale relasjonar, begge frå Warsaw University.