Dette er det tredje i seminarserien i samband med Utanriksdepartementets prosjekt FN70: Ein ny dagsorden. Prosjektet utviklar idear og tilrådingar til reform, til den neste FN-sjefen, som byrjar i jobben 1. januar 2017. Målet med seminarserien er å leggje til rette for dialog mellom forskings- og sivilsamfunnsaktørar og gi innspel til prosjektet. For meir informasjon om FN70-prosjektet, sjå https://www.regjeringen.no/en/topics/foreign-affairs/the-un/new_agenda/id2424395/.
Dette tredje seminaret fokuserer på skjeringspunkta mellom humanitær assistanse og utviklingshjelp. Korleis kan FN-systemet og Generalsekretæren sikre meir heilskapleg tilnærming frå FN, til dømes i langvarige kriser og flyktningsituasjonar? Kan den humanitære innsatsen gå inn i ein breiare strategi for utvikling?
NUPI arrangerer dette seminaret i samarbeid med Utanriksdepartementet og Det norske senteret for humanitære studiar, eit tverregionalt senter beståande av forskarar frå NUPI, PRIO og CMI.