Kina satsar tungt på julenisse-turisme i Finland, gir pandaer i presang til Danmark, underteiknar ein historisk frihandelsavtale med Island, har påført Noreg ein av sine største diplomatiske hovudverkar på lang tid, og kjøper opp Volvo mens kinesarane dyttar i seg svenske kjøttbollar på eit dusin IKEA-butikkar. Folkerepublikken Kinas nye rolle i verda er eit av dei utanrikspolitiske utviklingstrekka med størst ringverknader dei siste tiåra, også for dei nordiske landa.
Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige deler ei rekkje politiske, økonomiske og kulturelle fellestrekk. Dei har også til felles ein heil del interesser og utfordringar i forholdet til den veksande stormakta i aust. På denne bakgrunnen har ein i alle dei nordiske landa kunna sjå dei same debattane gå føre seg; over korleis ein best mogleg kan utnytte dei moglegheitene den kinesiske veksten gir, og korleis ein skal kunne handtere dei dilemmaa som oppstår i skjeringspunktet mellom økonomiske interesser og politiske verdiar i relasjonane med ei økonomisk supermakt utanfor den demokratiske sfæren. Desse debattane har gått føre seg med ulik intensitet og lokalt fokus i dei ulike landa, men langs dei same grunnleggjande linjene. Likevel har det til dags dato vore overraskande lite merksemd i kvart enkelt land rundt korleis eins nordiske naboar har handtert dei same utfordringane.
På dette seminaret søkjer vi å ta ein titt over skigarden, ved å la framståande Kina-ekspertar frå dei ulike nordiske landa presentere eit utsnitt av sitt lands forhold til Kina, utviklingstrekk og utfordringar, og korleis dette relaterer til det breiare biletet av nordiske Kina-relasjonar.