Asian Development Bank (ADB) flaggskipspublikasjonen sin «Asian Development Outlook 2017 (ADO)» gir ein omfattande analyse av makroøkonomiske problem for utviklings-Asia, inkludert forventa vekst av land og region. Tiår med rask vekst har forvandla Asia til eit stort mellominntektsområde, men farten på denne utvidinga har gått ned sidan finanskrisa i 2008. Årets ADO-tema «Transcending the Middle-Income Challenge» utforskar dei hindera mellominntektslanda møter for å halde oppe ein sunn vekst, og gir politiske råd på korleis ein skal overvinne dei.
Til å presentere årets Asia Development Outlook gjestar ADBs visesjefsøkonom Juzhong Zhuang NUPI. Tema han vil ta opp under presentasjonen er:
Økonomiske utsikter for utviklings-Asia og Stillehavsområdet
Risiko ved truslar frå proteksjonisme
Konsekvensar av amerikanske pengepolitiske endringar
Faktorar som bidrar til rask vekst i mellominntektsøkonomiar
Moglege strategiar for innovasjon, utdanning og infrastruktur for å motivere middelinntektsøkonomiars vekst
ADO-rapporten presenterer ein analyse av 45 økonomiar, inkludert Kina, India og Indonesia. Rapporten undersøkjer også høva til utviklings-Asia i underområde: Sentral-Asia, Aust-Asia, Sør-Asia, Søraust-Asia og Stillehavet.
Etter ein introduksjon ved statssekretær i UD, Tone Skogen, vil Juzhong Zhuang presentere ADO 2017. Seniorforskar på NUPI Arne Melchior vil kommentere presentasjonen.
Møteleiar er seniorforskar ved NUPI og Universitet i Bergen Hans Jørgen Gåsemyr (PhD).
Mot slutten av seminaret vil det bli mogleg for publikum å stille spørsmål.