Dei siste åra har Europa opplevd fleire ulike kriser – økonomisk krise, migrasjonskrise, terrorisme og så vidare. I tillegg har EU hatt ei legitimitetskrise. Auken i populisme truar EUs overleving. Den britiske avgjerda om å forlate EU er også er klar påminning på at unionen er i endring. Kva vil konsekvensane av desse endringane bli?

Denne konferansen makarar slutten på EUNOR-prosjektet, og vil ha hovudfokuset på konsekvensane Brexit har for EU, Storbritannia, EØS og Noreg. EØS og den indre marknaden, framtidsutsiktene for ein europeisk utanriks- og tryggingspolitikk, energitryggleik, klimaforandring og Brexits påvikrnig på internasjonal handel er alle tema som vil bli diskuterte i løpet av dagen.

Det tre år lange forskingsprosjektet er finansiert av Forskingsrådet, og det har fokusert på EU og små statar. EUNOR har blitt gjennomført med Senter for europeisk lov ved UiO, og det har undersøkt korleis små europeiske statar generelt, og Noreg spesielt, svarer på, endrar og tilpassar seg eit Europa i endring.

 

Stad for konferansen: Munchrommet, første etasje, Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo.

Program:

08.30-09.00: Kaffi og registrering

09.00-09.15: Opning av konferansen av Ulf Sverdrup, direktør ved NUPI og Pernille Rieker, prosjektleiar for EUNOR

09.15-09.30: Opningsinnlegg: Niels Engelshiøn, ekspedisjonssjefi Europaavdelingen, UD

09.30-11.30 Paneldiskusjon 1: Brexit og EØS

Ordstyrar: Ulf Sverdrup, NUPI

EU-perspektivet: René Repasi, Universitetet i Rotterdam

Storbritannias perspektiv: Agata Gostyńska-Jakubowska, CER

EØS-perspektivet: Christophe Hillion, UIO/NUPI

Det islandske perspektivet: Baldur Thorhallsson, University of Iceland

Det norske perspektivet: Nilels Engelshiøn, ekspedisjonssjefi Europaavdelingen, UD

11.30-13.00: Lunsj

13.00-14.15: Paneldiskusjon 2: Brexit og framtida til internasjonal handel

Ordstyrar: Liv Monica Stubholt.
Advokat og partnar advokatfirmaet Selmer DA, nestleiar i Europautredningen

EU-perspektivet: Fredrik Erixon, ECIPE, Brussel

Framtida til handelsavtalane: Arne Melchior, NUPI

Integrasjon, teknologi og patent: Per Botolf Maurseth, BI

14.15-14.30: Pause

14.30-15.45: Paneldiskusjon 3: Energipolitikk i eit Europa i endring

Ordstyrar: Jakub Godzimirski

EUs energipolitikk: Kirsten Westphal, SWP

Framtida i energimarknaden: Ole Gunnar Austvik, HiL

Energi og klima: Indra Øverland, NUPI

15.45-16.00: Pause

16.00-17.30: Paneldiskusjon 4: Utforminga av EUs utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk

Ordstyrar: Pernille Rieker, NUPI

EUs utanriks- og tryggingspolitikk: Steven Blockmans, CEPS, Brussel

Storbritannias perspektiv: Richard Whitman, University of Kent

Noreg-Storbritannia: Kristin Haugevik, NUPI

Noreg-EU: Nina Græger, NUPI