Marina Kaljurand, leiar for Global Commission on the Stability of Cyberspace og tidlegare utanriksminister for Estland (2015-2016) besøkjer NUPI for å klargjere desse spørsmåla.

Cybertryggleik har blitt ein integrert del av nasjonal, regional og global tryggleik og målet for dette seminaret er derfor å introdusere og reflektere rundt diskusjonar som finn stad i ulike internasjonale forum, inkludert i FN (UN GGE), OSCE, NATO og EU. Kaljurand vil særleg leggje vekt på bruken av internasjonal lov i cyberspace og normer for ansvarleg statleg åtferd, nye truslar, sjølvtillitsbyggjande tiltak og kapasitetsbygging.

Høyr seminaret med Kaljurand som NUPI podkast:

Estland var i 2007 det første landet i verda som blei offer for politisk motiverte cyberangrep. Dei som stod bak angrepet prøvde å påverke estisk innanrikspolitikk, og dessutan forstyrre e-tenesta og andre deler av samfunnet. Estland lærte av dette, og spørsmåla som blei stilte i etterkant av angrepet er framleis aktuelle i 2017, inkludert den rolla styresmakter bør ha i arbeidet med cybertryggleik og mottiltak.

Ordstyrar for arrangementet er seniorforskar og leiar for NUPIs Cyber Security Centre Niels Nagelhus Schia.