Konflikten i Syria er inne i sjette år. Den utvikla seg frå ein revolusjonært oppstandelse mot Assad-regimet i mars 2011, til eit landsomfattande opprør som sette regimelojale opp mot fragmenterte opposisjonsgrupper og militante jihadistar. Parallellt med eskaleringa i konflikten har eksterne aktørar blitt trekt inn - inkludert naboland og regionale makter. Vi har også sett tilbakekomsten til stormaktspolitikken, med Russlands støtte til det syriske regimet gjennom bombekampanjen sin, mens Vestens forsøk på å væpne den moderate opposisjonen har feila.

Konflikten har medført ein av dei største og mest komplekse humanitære katastrofane sidan andre verdskrigen. Over 400 000 menneske har blitt drepne, og meir enn halvparten av befolkninga har måtta flytte eller flykte - 6,6 millionar av dei i Syria, og 4,8 millionar til naboland. 13,5 millionar menneske treng humanitær hjelp. 4,9 millionar er fanga i omleira og vanskeleg tilgjengelege område. Situasjonen har sett konvensjonell humanitær hjelp på prøve, og avdekt ubehagelege sanningar om å hjelpe sivile i konfliktar.

Dette NUPI-seminaret vil sjå på Syria-konflikten frå ulike perspektiv - frå geopolitiske krefter til humanitære konsekvensar og synspunkt frå syrarar som flykta frå krigen. Kva har Russlands og Vestens strategi i Syria vore? Kva har vore dei politiske utfordringane i forhandlingane om tilgang til humanitær hjelp og vern av sivile? Kva tenkjer syrarar om revolusjonen og utsiktene til fred i heimlandet?