Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Filippinane, ASEAN og klimaendringar

Kva oppnådde Filippinane då dei hadde formannskapet i ASEAN i 2017? Og kva utfordringar skaper klimaendringar for ASEAN-landa?
12 april 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Klima
  • Engelsk

2017 markerte 50-årsdagen for ASEAN – Association of South-East Asian Nations. Same år fekk Filippinane formannskapet i organisasjonen.

På dette arrangementet vil Enrique A. Manolo, visutenriksminister på Filippinane, snakke om bidraget landet har til ASEANS fellesskapsbygging, spesielt under deira formannsskap i ASEAN. Filippinane hadde seks tematiske prioriteringar under formannskapet sitt: Eit ASEAN med mennesket I sentrum, fred og stabilitet i regionen, maritim tryggleik og samarbeid, inkluderande og innovasjonsleidd vekst, ASEANS robusthet og ASEAN som ein global spelar.

ASEANS samarbeid med Noreg vil også bli diskutert, og dessutan om ASEANS arbeid på klimaområdet.

Mr. Manolo vil avslutte presentasjonen med ein kort diskusjon rundt Singapores formannskap i ASEAN og ønsket i landet om å utvikle ‘ASEAN Community Building' vidare.

NUPI-forskar Indra Øverland presenterer hovudfunna i rapporten “Impact of Climate Change on ASEAN International Affairs: Risk and Opportunity Multiplier”. Rapporten analyserer innverknaden klimaendringar har på internasjonale saker blant ASEAN-landa. Fire av dei ti landa i verda som er mest påverka av klimaendringar ligg i Søraust-Asia: Myanmar, Filippinane, Thailand og Vietnam. Den unike geografien i ASEAN-landa med komplekse grenser og eit uvanleg stort tal øyar, gjer det sannsynleg at klimaendringar får innverknad på dei diplomatiske forholda mellom desse landa og naboane deira. Stigning i havnivået er forventa å vere hovudsamanhengen mellom klimaendringar og internasjonale forhold i regionen, då det kan føre til både økonomisk migrasjon og tvangsflytting.

På grunn av det lågtliggjande landskapet sitt og høg befolkningstettleik, er Bangladesh svært sårbar for stigning i havnivået, og folkeflytting kan påverke ASEAN-landa. Rohingyabåtflyktningar frå Myanmar har allereie forårsaka diplomatiske problem blant landa i regionen, og ei drastisk stigning av havnivået kan føre til mykje større utfordringar. Singapores internasjonale interesser kan også bli spesielt sterkt påverka av klimaendringar, då eksistensen til staten i seg sjølv kan bli trua av havstigning.

Rapporten blei produsert av 23 forfattarar, inkludert bidragsytarar frå alle 10 ASEAN-medlemslanda, og kan lesast i sin heilskap her.

Mot slutten av arrangementet vil det også vere moglegheit for publikum til å stille spørsmål.

Arrangementet blir leidd av Kenneth Bo Nielsen, koordinator for Asianettverket.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Talere

Enrique A. Manalo
viseutenriksminister, Filippinene
Indra Øverland
Forsker I

Ordstyrer

Kenneth Bo Nielsen
forsker og nettverkskoordinator, Asianettverket, UiO
12 april 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Klima
  • Engelsk