Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Boklansering: Etterretningsanalyse i den digitale tida

Kva utfordringar ventar etterretningsanalytikarar i møte med eit stadig meir komplekst trusselbilete?
13 oktober 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Etterretning
  • Norsk

I vår tid har internasjonal politikk blitt stadig meir omskifteleg og kompleks. Teknologiutviklinga, og spesielt digitaliseringsprosessar, har utvida statars og ikkje-statlege aktørars handlingsrom. Dette gjer etterretning meir relevant enn nokosinne for dei som skal styre Noreg.

Dette har eit knippe ekspertar sett nærare på i boka Etterretningsanalyse i den digitale tida – ei innføring. Her blir det diskutert ulike problemstillingar, som korleis vi kan arbeide med etterretningsanalyse i den digitale tida, kva spørsmål oppdragsgivarar vil ha svar på, kva metodar og verktøy ein analytikar kan støtte seg til og kva for nokre særskilde utfordringar som er knytt til politisering og etikk i den digitale tida.

Under denne boklanseringa skal Espen Barth Eide, Brigt Harr Vaage, Lars Haugom og Stig Stenslie diskutere ulike tema frå Etterretningsanalyse i den digitale tida – ei innføring. Arrangementet blir leidd av seniorforskar og leiar for forskingsgruppa for tryggleik og forsvar på NUPI, Karsten Friis.

Espen Barth Eide er stortingsrepresentant, og dessutan tidlegare utanriksminister og forsvarsminister.

Brigt Harr Vaage er avdelingsdirektør og sjef for Etterretningstenestas vurderingsavdeling.

Lars Haugom er gjesteforskar ved Institutt for forsvarsstudium i Oslo.

Stig Stenslie er professor ved Senter for etterretningsstudium ved Forsvarets etterretningsskule (FEH).

Seminaret blir strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Espen Barth Eide
Utenriksminister
Brigt Harr Vaage
avdelingsdirektør og sjef for Etterretningstjenestens vurderingsavdeling
Lars Haugom
Gjesteforsker, IFS
Stig Stenslie
Professor, Senter for etterretningsstudier, Forsvarets etterretningshøgskole (FEH).
13 oktober 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Etterretning
  • Norsk