21. mai er det klart for sluttkonferansen for prosjektet Traders in the food value chain: Firm size and international food distribution. Prosjektet analyserer organisering, marknadsstruktur og fordeling langs verdikjedene i internasjonal matvarehandel, med fokus på norsk sjømateksport og import og eksport av landbruksvarer. Konferansen har to relaterte men ulike tema før og etter lunsj, og det er ope for å delta heile eller deler av dagen.
I seminaret fram til lunsj legg forskarar frå SNF, NUPI og Ruralis fram analysar av norsk eksport og handel på bedriftsnivå, dels basert på detaljerte handelsdata for Noreg (NUPI, SNF) og dels basert på case studiar av landbrukseksport (Ruralis). I kva grad kjem av eksportsuksessen for laks dyktige handelsaktørar? Varierer organiseringa av sjømateksport mellom ulike fiskeslag, og kva er mest effektivt? Er handelen organisert ulikt for små og store bedrifter? Tolldirektoratet vil også innleie om korleis vitskap kan vere til nytte i tollkontroll.
Seminarets del 2 fokuserer på handel og utvikling, inkluderte innovasjonen og betydninga av mellomledd i handel, norsk import av landbruksvarer frå Afrika (kjøtt og blomstrar), og handelen med sjømat i India. Kva betyr stadig strengare reglar for mattryggleik for organisering av handelen, er små bedrifter i stand til å handtere dette? Kva er grunnen til at blomstrar frå Afrika blir firedobla i pris på vegen nordover, kva rolle speler mellomledd i handelen?
Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd i 2014-2019, og er eit tverrfagleg samarbeid mellom NUPI, SNF i Bergen og Ruralis i Trondheim, og med internasjonale partnarar i USA, Storbritannia og India. Mange publikasjonar er tilgjengelege frå prosjektet.