REGISTRER DEG HER!

Tilnærminga Trump-administrasjonen ha til migrasjon og grensekontroll har fått mykje merksemd - og har blitt kritisert også i Europa og Noreg. Men etter flyktningkrisa sommaren 2015 har den politiske debatten endra seg i Europa, og EUs innvandringspolitikk har blitt strengare. Dette gjeld ikkje berre ved styrkt grensekontroll, men også gjennom ulike tiltak i Nord-Afrika, Sahel og Midtausten som skal hindre at innvandrarar når fram til den europeiske yttergrensa.

På dette seminaret ser vi på kva politikk USA og Europa fører langs dei sørlege grensene sine og spør korleis dette påverkar nabolanda og migrasjonsstraumane. Korleis påverkar politikken som blir ført politiske og sosiale forhold i nabolanda?  Er det eigentleg så store forskjellar mellom politikken til Trump-administrasjonen og den som blir ført i Europa? Er det berre retorikken og stilen som er ulik mens politikken – og konsekvensane – er dei same? For mens Trump og administrasjonen hans snakkar mykje om muren dei ønskjer å byggje langs grensa til Mexico, blir dei europeiske tiltaka i til dømes i Sahel sjeldan nemnt av europeiske politikarar eller i europeiske medium.

Dette seminaret er eit samarbeid mellom Fafo og NUPI og byggjer på eit nytt prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd – MARE – der vi samlar og analyserer forteljingar frå Sahel og andre område der migrantar prøver å komme seg til Europa.

Seminaret presenterer også funn frå EUNPACK, eit nyleg gjennomført EU Horizon 2020-finansiert prosjekt som blei leidd av NUPI, og som studerte EUs respons i blant anna Sahel og Nord-Afrika.

Ordstyrar for dette seminaret er Fafo- forskar Guri Tyldum. Ho forskar blant anna på korleis migrasjonsstraumar blir forma, og kva som påverkar migrasjonsavgjerder. Ho leier Forskningsrådsprosjektet MARE.

Morten Bøås er Forskar I på NUPI og jobbar i hovudsak med tema knytt til fred og konflikt i Afrika. Bøås har forfatta og redigert ei rekkje bøker og artiklar i akademiske tidsskrift. Han har gjort djuptpløyande feltarbeid i ei rekkje afrikanske land.

Marianne H. Marchand er Forskar I ved University of the Americas i Puebla, Mexico, der ho er direktør for Canadian Studies Program. Ho har publisert vidt innan tema knytt til globalisering, kjønn, migrasjon, utvikling, motstand og transnasjonale rørsler.

Jan-Paul Brekke er seniorforskar ved Institutt for samfunnsforsking. Han er ekspert på felta flukt, migrasjon og integrering, med ei sterk interesse for metodologi. For tida forskar Brekke på dei politiske konsekvensane av flyktningsituasjonen som oppstod i 2015.