Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Det skjulte maktspelet – ubåtar i skandinavisk farvatn

Under den kalde krigen og fram til i dag har Sverige og Noreg følgt med på aktiviteten under vatn i Austersjøen og i norske fjordar. Har vi lært noko? Og veit vi eigentleg nok om denne skjulte aktiviteten?
25 februar 2020
10:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Etterretning
  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Norden
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk



80-talets Skandinavia, og først og fremst Sverige, var prega av ubåtjakter mot ein ukjend fiende. På 70-talet hadde fleire statar frå aust og vest regelmessig krenkt svensk og norsk sjøterritorium. På 80-talet skjedde noko nytt. Små ubåtar som gjekk på botn med belte viste seg frami svenske hamner og marinebasar. I 1984 sa leiaren i det svenske høgrepartiet, Ulf Adelsohn: «För första gången sedan 1809 möter svenska soldatar utländska soldatar på svensk mark. Det visar hur allvarligt detta är.»

I dag veit vi at den amerikanske marinen (US Navy) hadde hemmelege hydrofonar i svenske farvatn, som følgde rørslene til dei sovjetiske ubåtane. US Navy hevda at den sovjetiske marinen opererte i territorialfarvatnet til Sverige, men at dei aldri gjekk inn i sjølve skjergarden. Desse (på den tida ukjende) hydrofonane blei halde ved like av små utanlandske ubåtar, som blei tatte inn i Austersjøen på ombygde sivile handelsfartøy. Diplomatar, forskarar og journalistar peika mot Sovjetunionen, og den svenske regjeringa protesterte skarpt mot Moskva.

I 1980 sa 27 % av det svenske folket på Sovjetunionen som ein trussel eller som uvennleg mot Sverige. I 1983 hadde dette talet auka til 83 %. Sverige hadde altså på tre år radikalt endra oppfatning av fiendebiletet møt aust. Gjennom heile 80-talet heldt små ubåtar fram med å dukke opp på dei mest utenkjelege stadene, mens sovjetiske leiarar bad svenskane om å senke desse ubåtane. Dei hevda at ubåtane ikkje var deira. I 2014 var det ei liknande hending i Sverige, men det viste seg å vere noko heilt anna enn ein ubåt.

Kva veit vi eigentleg om denne skjulte aktiviteten under vatn? Med stadig aukande marine- og ubåtaktivitet i nærområda våre, blir vi lurt av det hemmelege maktspelet også i dag?

Dette har Ola Tunander sett nærare på i den nye boka si Det svenska ubåtskriget. Her har han kartlagt hemmelege ubåtoperasjonar frå den kalde krigen til i dag. Saman med NUPI-forskarane Sverre Lodgaard og Vegard Valther Hansen, skal han presentere boka si på NUPI 26. februar.

Ola Tunander er Research Professor Emeritus ved Institutt for Fredsforskning på PRIO. Tunander var forskar ved PRIO 1987-2017. Han har skrive fleire bøker om tryggingspolitikk, om ubåtoperasjonar og marinestrategi. Han var sivil ekspert i den svensken Ubåtsutredning 2001.

Sverre Lodgaard er seniorforskar og tidlegare direktør ved NUPI (1997-2007) og PRIO (1987-1992).

Vegard Valther Hansen er seniorrådgivar ved NUPI, tidlegare ubåtoffiser og etterretningsoffiser.

Pernille Rieker er forskar I ved NUPI og koordinator for NUPIs senter for europastudiar.

Arrangementet varer frå kl. 10.00 til kl. 11.30.

Deltakere

Ola Tunander
Research Professor Emeritus, PRIO
Sverre Lodgaard
Seniorforsker emeritus
Vegard Valther Hansen
Tidligere ansatt
25 februar 2020
10:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Etterretning
  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Norden
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk