Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

ARENDALSUKA: Kva skjer viss vi må slutte å handle med Kina?

Handelen vår med Kina er viktig for norsk økonomi - men forholdet er også fullt av dilemma. Kva skjer viss vi må slutte å handle med Kina?
18 august 2022
17:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Bærekraftscenen, Arendal
Seminar

Temaer

  • Handel
  • Asia
  • Menneskerettigheter
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk

Meir om seminaret her.

Det er ikkje berre den norske handlekorga som er fylt av varer som er «made in china», Kina kjøper norsk laks, investerer i infrastruktur og selskap i andre land, og er avgjerande for at vi lykkast med å nå klimamåla. På så mange måtar er relasjonen til Kina viktig, ikkje berre for norsk men også for global økonomi. Kva konsekvensar ville det fått då, om vi kom i ein situasjon der norsk næringsliv måtte vurdere å avslutte engasjementa sine med Kina? Er dette ei reell problemstilling og kva fører oss eventuelt dit?

Seminaret blir strøymt og er ferdig 18.00.

NUPI og Hovedorganisasjonen Virke inviterer til samtale om stormaktspolitikk, global handel. Og kvar Noreg, eit lite land med stort sjølvbilete, er i det heile. 

I panelet:  

Sun Heidi Sæbø, ansvarleg redaktør, Morgenbladet

Hans Jørgen Gåsemyr, Seniorforskar Kinesisk politikk, NUPI

Ola Elvestuen, Stortingsrepresentant, Venstre

Tord Dale, Leiar for berekraft, Virke

Samtalen blir leidd av Eirik Bergesen, kjent frå podkasten "Det store biletet" 

 

Bakteppet:  

Frå 1990-talet skaut globaliseringa verkeleg fart, og med det Noregs handel med land i Asia. Etter normaliseringa av forholdet til Kina i 2016 har handelen stige jamt. I 2021 var den direkte samhandelen med Kina på 138 milliardar kroner. Kina er det enkeltlandet Noreg importerer mest frå og rimeleg arbeidskraft og produksjon har vore svært gunstig for norsk økonomi. Samtidig får vi frå Kina formidla alvorlege menneskerettsbrot overfor eiga befolkning, er vitne til at landet oppfører seg til dels aggressivt og sjølvhevdande i eigne nærområde, og utfordrar eksisterande institusjonar og avtaleverk for global styring. Spenninga har vore aukande mellom Kina og USA, ein av Noregs viktigaste allierte. Og krisa med krigen i Ukraina og forholdet til Russland har på ny gjort global tryggingspolitikk til ei av dei viktigaste sakene på dagsorden, ikkje berre politisk men også for næringslivet, som merkar konsekvensane i form av usikre verdikjeder og ein usikker verdsmarknad. Ser vi starten på ei todeling av verda og ein ny global økonomisk resesjon?  

Kanskje blir publikum litt klokare på nokon av dei store globale utviklingstrekka? Eventuelt sit ein igjen med endå fleire spørsmål? Velkommen til Arendalsukas viktigaste samtale om global politikk, menneskerettar, handel og berekraft.

Hovedtalere

Sun Heidi Sæbø
Ansvarlig redaktør, Morgenbladet
Hans Jørgen Gåsemyr
Seniorforsker
Ola Elvestuen
Stortingsrepresentant og nestleder, V
Tord Dale
Virke

Ordstyrer

Eirik Bergesen
Skribent og politisk kommentator
18 august 2022
17:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Bærekraftscenen, Arendal
Seminar

Temaer

  • Handel
  • Asia
  • Menneskerettigheter
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk