Hopp til innhold
NUPI skole
MicrosoftTeams-image (33).png

Arrangement

Covid-19-konspirasjonsteoriar i Putins Russland

Kreml har i ei årrekkje brukt konspirasjonsteoriar som eit styringsverktøy. Under Covid-19 pandemien blei likevel Putin-regimet sjølv offer for slike teoriar.
06 desember 2022
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI/Direktesending til Facebook og YouTube
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Pandemier
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

REGISTRER DEG FOR FYSISK DELTAKING HER ! (Digital deltaking krev inga påmelding).

Putin-regimet har nytta seg av truslar, korrupsjon og massiv propaganda, inkludert spreiing av konspirasjonsteoriar, som styringsverktøy. Då Russland blei ramma av Covid-19 pandemien i 2020, gav likevel den konspiratoriske tenkinga som Kreml hadde dyrka fram no grobotn for andre, ikkje Kreml-støtta konspirasjonsteoriar. Mange russarar støtta til dømes tanken om at viruset var menneskeskapt. Andre meinte at korrupte medium og styresmakter overdreiv farlegheitsgrada til Covid-19 og prøvde å manipulere borgarane. Eit fleirtal nekta derfor å ta del i det statlege vaksinasjonsprogrammet, og mange protesterte også mot tiltaka som blei sett i verk for å få kontroll med pandemien. Forsøket til styresmaktene på å handle i tråd med globale praksisar som skulle forhindre spreiing av viruset mislykkast derfor.

På seminaret ser vi nærare på korleis Covid-19 dissidentane har utfordra Kremls politiske kommunikasjonsstrategi. Yablokov og Moen-Larsen har sett nærare på Telegram-kanalen «Motstand mot Covid-19» (seinare kjent som «Konspirasjonsteori») og korleis pandemibodskapen i styresmaktene der har blitt mottatt, omfortolka og kritisert ved hjelp av globale og lokale konspirasjonsteoriar. Dei finn at Telegram-gruppa i svært lita grad tok inn styresmakts bodskap. Dette viser at det finst klare grenser for kor effektiv den Kreml-produserte propagandaen er.

Du kan også følgje seminaret på YouTube:

Talere:

Ilya Yablokov
Foreleser, Digital Journalism and Disinformation, University of Sheffield
Natalia Moen-Larsen
Seniorforsker
06 desember 2022
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI/Direktesending til Facebook og YouTube
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Pandemier
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt