Hopp til innhold
NUPI skole
071122-black-sea-high-north.png

Arrangement

Korleis har krigen i Ukraina endra tryggingssituasjonen i Svartehavet og i Nordområdene?

Vi ser nærare på korleis den russiske aggresjonen mot Ukraina har endra oppfatninga om tryggleik i Svartehavsregionen og i Nordområdene.
07 november 2022
14:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI/Livestream to Facebook and Youtube
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Norden
  • Konflikt
  • Hav
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Funna som blir presenterte på dette seminaret kjem frå eit prosjekt om tryggleik i Svartehavsregionen finansiert av Forsvarsdepartementet. Hovudmålet med dette prosjektet var å sjå på kva auka militært nærvær i Svartehavsregionen har hatt å seie for tryggleiken i den sørlege delen av NATOs austflanke.

Den russiske invasjonen av Ukraina var eit viktig vasskil i nyare historie og har endra den strategiske situasjonen ikkje berre i Svartehavsregionen, men også i den store europeiske konteksten.

Russisk aggresjon har hatt ein klar og svært negativ innverknad på tryggingssituasjonen i regionen og på dette seminaret vil ekspertane presentere dei viktigaste politisk relevante konklusjonane frå to studium i prosjektet.

Den første studien såg på korleis det som skjer kan tolkast som uttrykk for kontinuitet og endring i Russlands tilnærmingar til Svartehavsregionen. Her analyserte forskarane situasjonen rundt den strategisk viktige Slangeøya for å få kartlagt hovudtrekk i den russiske strategien i regionen.

Den andre studien analyserte korleis utviklinga i Svartehavsregionen har påverka oppfatninga av tryggleik i nordområda, eit område der Russlands politikk også fører til utfordringar for vestlege avgjerdstakarar.

Prosjektet har blitt gjennomført i 2022 av NUPI og New Strategy Center i Romania.

Seminaret blir halde på engelsk, og finn stad på NUPI frå 14.30 til 15:30. Arrangementet blir også strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal (digital deltaking krev ikkje registrering).

Talere

Jakub M. Godzimirski
Forsker I
Antonia Colibășanu
Senior Associate Expert, New Strategy Center
Eduard Simion
Senior Associate Expert, New Strategy Center
07 november 2022
14:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI/Livestream to Facebook and Youtube
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Norden
  • Konflikt
  • Hav
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt