Ulovleg, urapportert og uregulert fiske (IUU) er ei nøkkelutfordring for berekraftig styring av hava. Denne praksisen er kopla til overfiske og mindre fiskebestand. Ifølgje FNs berekraftsmål nummer 14.4 var det nødvendig å få sett ein stoppar for denne typen fiske alt i 2020. Men framleis er det estimert at praksisen står for heile ein femdel av villfiskfangst globalt, og til og med meir i enkelte regionar. I 2001 etablerte FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) ein internasjonal handlingsplan som framleis gir retningslinjene for å demme opp for IUU-fiske. Likevel kviler iverksetjinga av desse i stor grad på kapasiteten statar har til å overvake og kontrollere fartøy som seglar under flagga deira, fiske i eigne havområde og trafikk i eigne hamner.
Gitt at fiske også er ein grensekryssande aktivitet, krev det å stoppe IUU-fiske også internasjonalt samarbeid på både regionalt og globalt nivå. Dette for å utveksle informasjon og koordinere tiltak. IUU-regimet står derfor overfor eit implementeringsgap som fordrar svar på tvers av styringsnivå. Dei siste tiåra har nye instrument blitt oppfunne og koalisjonar av aktørar har oppstått i eit forsøk på å lukke dette gapet, men problemet er framleis stort. P
På dette seminaret ser vi på kva framsteg som har blitt gjort av statar, regionale organisasjonar og dei internasjonale partnarane deira for å redusere IUU-fiske. Vi diskuterer kva tiltak som har lykkast best så langt, og dessutan hovudutfordringane i innsatsen og kva som kan gjerast annleis. Vi spør også kva for nokre av Noregs erfaringar med handtering av fiske som er nyttige for å hanskast med desse utfordringane.
Fleire bidragsytarar vil annonserast fortløpande.
Seminaret vil også bli strøymt på NUPI's YouTube-kanal (inga påmelding krevst).