Hopp til innhold
NUPI skole
131022-brazil-election.png

Arrangement

Valet i Brasil og moglegheiter for norsk samarbeid i Amazonas

Korleis kan valet av ny president i Brasil påverke bevaringa av regnskogen i Amazonas?
13 oktober 2022
10:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sør- og Mellom-Amerika
  • Klima
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Seminaret er på engelsk og varer frå 10:30-12:00.

No i oktober skal brasilianarane velje ny folkeforsamling. I den første runden av valet fekk Bolsonaro utvida støtte i kongressen, og han gjorde det langt betre enn meiningsmålingane hadde vist på førehand. Første valrunde gav tidlegare president Lula da Silva 48% av stemmene, mens Jair Bolsonaro fekk 43%. Dei to kandidatane skal no kjempe om å bli Brasils neste president i siste og avgjerande valrunde seinare denne månaden.

Valet har blitt til ei slags folkeavstemming om avgjerdene den sitjande regjeringa til Jair Bolsonaro har tatt sidan 2019. Blant dei mange sakene som står på spel, er regnskogen i Amazonas ein av dei store. Under Bolsonaros styre har vi vore vitne til alarmerande skogbrannar og rekordnivå av avskoging i Amazonas.

Dette har skjedd i tillegg til store institusjonelle og regulatoriske endringar introdusert av Bolsonaro, og som har løyst opp rammeverket for å bevare økosystemet. Desse endringane inkluderer ei endring av styringsarkitekturen for Amazonasfondet i 2019, eit initiativ som rekna med uttalt økonomisk støtte frå Noreg. Norske investeringar i fondet har vore frose sidan den gong.

På dette seminaret diskuterer vi dei brasilianske valresultata og forventningane til den kommande regjeringa. Vi rettar også blikket mot framtida for samarbeidet mellom Brasil og Noreg for bevaring av Amazonas regnskog.

Panelet:

Livia Costa Kramer frå Klima- og miljødepartementet  

Yuri Kasahara, Oslomet

Ordstyrar:

Seniorforskar på NUPI Lucas de Oliveira Paes

Arrangementet blir også strøymt til NUPIs YouTube-kanal. Digital deltaking krev ikkje påmelding.

Talere

Yuri Kasahara
Forsker II, Oslo Met
Livia Costa Kramer
Seniorrådgiver, Klima- og miljødepartementet
13 oktober 2022
10:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sør- og Mellom-Amerika
  • Klima
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt