Boksamtale: Vegsperringar og den politiske økonomien i valden
8. juni kjem Peer Schouten til NUPI for å presentere den nye boka si som gir eit unikt innblikk i rolla vegsperringar speler i konfliktutvikling og statsformasjon i Sentral-Afrika.
Lunsjseminar: Kan Europa kutte avhengnaden av russisk energi?
På dette seminaret ser vi nærare på utfordringane, moglegheitene og konsekvensane ein boikott av russisk energiforsyning har for Europa. I panelet finn du blant anna sjefsøkonom i Equinor, Eirik Wærness.
Protestpotensial og protestrealitetar: Gapet mellom intensjon og handling i Russland i 2022
Responsen i det russiske samfunnet på Putins krig mot Ukraina er vanskeleg å måle. Anekdotiske bevis og støttedemonstrasjonar tyder på ei konsolidering rundt staten og president Putin, mens protestar og kvardagsmotstand kan tyde på veksande opposisjon. Korleis kan vi tolke desse motstridande signala i eit lukka system slik som det russiske?
Europas tryggleik og krigen i Ukraina – nordiske perspektiv
21. april inviterer vi til spennande samtale på NUPI om korleis krigen i Ukraina påverkar oss her i Norden.
Ulovleg, urapportert og uregulert fiske: utfordringar og tiltak
På dette seminaret ser vi på kva framsteg som har blitt gjort av statar, regionale organisasjonar og dei internasjonale partnarane deira for å redusere IUU-fiske. Vi diskuterer kva tiltak som har lykkast best så langt, og dessutan hovudutfordringane i innsatsen og kva som kan gjerast annleis.
WEBINAR: Al-Qaidas løyndommar: «The Bin Laden Papers»
Nelly Lahoud har gjort eit djupdykk i Osama bin Ladens dokument og blant anna sett på kva planar han hadde lagt for framtidige angrep.