Bildet viser Michael Chertoff Foto: Ane Teksum Isbrekken/NUPI

Cyber-angrep: Korleis skal vi beskytte oss?

Publisert: 7. sep. 2018

Michael Chertoff deler lærdommane sine i NUPI podcast.

Kring 100 personar møtte opp for å høyre tryggleiksveteranen Michael Chertoff (United States Secretary of Homeland Security 2005 – 2009) snakke om lærdommar frå da han var med på å førebu USA sin nasjonale cyberstrategi på NUPI i slutten av august.

Chertoff er ekspert på førebygging og handsaming av cybertrusler, og har vore med på å lage USA Patriot Act. Han er medgrunnleggar og leiar av Chertoff Group, eit konsulentfirma for risiko- og tryggleiksvurdering.

Eit sentralt tema på seminaret var den vanskelege koordineringa av cybertryggleik mellom statlege og private aktørar. Chertoff sine tankar om desse problemstillingane kan du høyre i NUPI sin podcast:



Få også med deg:

Publikasjoner

Prosjekter