Hopp til innhold
NUPI skole

Forska på sitt eige fag – vart svimle

I studiet av internasjonal politikk er det så mange faglege vendingar at sjølv forskarane slit med å henge med i svingane.

Jaakko Heiskanen (t.v) og Paul Beaumont har forsket på teoretiske "vendinger" i faget internasjonal politikk. Det er så mange vendinger at det går helt rundt for mange forskere. 

 

Collage: Therese Leine/@davidzydd/Freepik

Verda er prega av enorme omveltingar, som nye og brutale krigar, revolusjonar, flyktningstraumar og demokratisk tilbakegang. I tillegg får stadig ny teknologi, som internett – og no kunstig intelligens, fotfeste og påverkar korleis vi forheld oss til kvarandre.

På same måte er fagfeltet internasjonal politikk (IP) i konstant endring, både på grunn av alle endringane i verda og på grunn av usemje og diskusjonar om kva som er god forsking.

«Forsking er å byggje stein på stein», blir det sagt, men det er sjeldan så lineært. Det kan vere samansett – og svimlande. Og innimellom, vil nokon hevda, er det også nyttig at sjølve faget blir studieobjektet. Slik vil ein kunne stikke ein finger i jorda og finne ut av korleis eit heilt fagfelt er i rørsle.

Er ikkje dette ganske navlebeskuende? Jo, så absolutt. Men det er likevel viktig, ifølgje forskarane bak ein ny studie.

Irriterande

I 2019 deltok Paul Beaumont, seniorforskar ved NUPI, og Jaakko Heiskanen frå Queens Mary University of London på den internasjonale forskarkonferansen til The International Studies Association (ISA). Der var det eit panel som tok for seg «vendingane» (engelsk: «turns») i fagfeltet internasjonal politikk.

Ein «vending» er ein metafor for utvikling av ny teori innan eit fagfelt, og summen av alle desse opplevast som irriterande for nokre forskarar. På forskarkonferansane kan det bli kviskra og tiska i gangane om at endå ein kollega påstår at han eller ho skal vende faget i ei ny retning. Og etablerte forskarar som ikkje kastar seg på nokon av desse nye trendane innan faget, har opplevd å få avslag på publisering av forskingsartiklar fordi den «tilhøyrer ei utdatert vending».

– Jaakko og eg brukte resten av kvelden på å diskutere kvifor alle desse vendingane spreidde seg i IP. Til slutt vart vi samde om at vi kunne spekulere så mykje vi ville, men at det beste ville vere å gå empirisk til verks, seier Beaumont.

Fleire års arbeid med kartlegging og analysering av vendingane, har no resultert i den fagfellevurderte artikkelen  «Reflex to turn: the rise of turn-talk in International Relations» publisert i nivå 2-tidsskriftet European Journal of International Relations.

– I denne artikkelen undersøkjer vi kvifor studiet av internasjonal politikk ikkje klarer å stoppe eller bremse ned takten på alle desse nye vendingane. Det er så mange vendingar at fleire leiande forskarar har sagt at dei blir heilt svimle av det, seier Beaumont.

Kva er teori?

I og med at Beaumont og Heiskanens artikkel skriv om nettopp utvikling av ny teori, er det viktig at vi forstår kva dette eigentleg er for noko: I samfunnsfag kan ein ikkje studere heile samfunnet, og då må ein ha teoriar – eller antakingar – om korleis ting heng saman.

Alle teoriar vil klargjere ulike delar av korleis samfunnet fungerer, og éin teori vil alltid framheve noko og utelate noko anna.

Det er heilt klart utfordrande for utanforståande å begripe kvar skilja går innanfor dei ulike teoriane. Mykje av grunnen til dette er at forskarane ikkje står overfor eit val om å måtte velje éi retning og følgje ho, men at dei utviklar sin eigen variant av ei teoriretning.

Som alle samfunnsfag, byggjer IP på teoriar, og teori-fetisjering er ikkje uvanleg. NUPI-forskaren meiner fagfelt har godt av å reflektere over sin eigen bruk av teoriar.

– Det er viktig at vi forskarar tek eit steg tilbake og ser på heile faget frå eit fugleperspektiv for å kunne få overblikk over summen av alt vi gjer. Så i staden for å forklare verda prøver denne studien å forklare korleis forskarar forklarer verda, forklarer Beaumont.

Opprør etter den kalde krigen

For at ei vending skulle teljast i Beaumont og Heiskanens forsking, må ho ha vorte eksplisitt omtalt som dette i ein fagfellevurdert artikkel eller bok.

Det er også andre forskarar har studert desse vendingane, men dei har ifølgje Beaumont gjort ein feil: 
– Dei finn den første vendinga så seint som på 2000-talet, men i forskinga vår har vi klart å identifisere eit heilt tiår med vendingar som har vorte «gløymde bort».

Dei to forskarane bak studien deler opp vendingane i to store bølgjer som skil seg frå kvarandre. Den første frå 1980 til 2000 og den andre frå 2000 og fram til i dag. Bakgrunnen for dette skiljet, krev ein liten historietime i studiet av internasjonal politikk og dei ulike metodetilnærmingane positivisme og post-positivisme.

Positivismen kan seiast å vere hovudstraumdraget, og den opphavlege måten å studere internasjonal politikk på. Denne fløya er mest utbreidd blant forskarar i USA, og det er vanleg å bruke hypotesetesting, ein metode som liknar mykje på den ein bruker innanfor realfag. Medan ein kan seie at positivistane i internasjonal politikk ikkje utfordrar status quo, medan post-positivistane kan seiast å vere endringsagentar – både av faget og av situasjonen i verda.

Då det gjekk mot slutten på den kalde krigen, kom den første store vendinga, eller snuoperasjonen, i faget. Den dominerande retninga innan studiet av internasjonal politikk, altså positivismen, hadde nemleg ikkje klart å føreseie denne enorme omveltinga i verdspolitikken. Det var ein stor skuffelse for mange. «Det må då finst andre måtar å forske på slik at vi betre kan forklare og føreseie slike store og viktige hendingar?» spurde utbrytarane seg.

Post-positivismen tok av, og det vart ein eksplosjon av nye teoriar.

– Saka er berre ho, at det aldri slutta å eksplodere, seier Beaumont.

Sidan 2000-talet, har det skjedd noko spesielt: Forskarane som reknar seg som tilhengjarar av post-positivismen har i staden byrja å vende seg frå kvarandre. Dei er i opposisjon til si eiga fagretning. Av dei over 60 vendingane i IP, som Beaumont og Heiskanen har funne gjennom forskinga si, har 40 av dei komme etter år 2000.

– Dei siste åra har endringsagentane slutta å endre retninga på faget, men i staden vender dei seg i hytt og pine frå kvarandre. Korleis kan ein forandre status quo når alle vender heile tida? spør Beaumont.

Kvifor skjer snuoperasjonane?

Å ta på seg oppgåva med å snu ei heil fagretning, er ikkje nødvendigvis for dei med låg akademisk sjølvkjensle. Kanskje er det så mange vendingar innanfor studiet av internasjonal politikk fordi faget er spekka av sjølvsikre folk som meir enn gjerne tek på seg eit slikt «ansvar»? Eller handlar det om noko anna?

Ifølgje Beaumont og Heiskannen dreier det om fleire ting – og sjølvhevding er absolutt nemnd som ein av grunnane.

Medan den første bølgja av vendingar kan seiast å vere eit tilbakelagt kapittel, lever den andre bølgja med ein eksplosjon av vendingar framleis i beste velgåande. Grunnen til at ein i studiet av internasjonal politikk ikkje klarer å bremse eller stoppe denne utviklinga, er ein metode som har vorte utvikla som ei følgje av lausrivinga til post-positivismen, nemleg refleksivitet. Kort sagt betyr refleksivitet at forskarar set spørsmålsteikn ved dei vala dei har gjort av teori og reflekterer over sin eigen posisjon i forhold til studieobjektet.

– Då denne måten å forske på vart utbreidd og institusjonalisert, var det som om ein starta ei maskin som produserte endelaust med vendingar. Det blir meir teoretisering om du konstant set spørsmålsteikn ved alle antakingane dine, forklarer Beaumont.

Men så handlar det ikkje berre om forskingsmetodikken som har løpt løpsk. Det dreier seg også om det stadig aukande kravet om originalitet på eit konkurransedrive felt, der det å bli sitert kan vere avgjerande for karrieren. Det kan leggje eit press på enkelte forskarar, som kanskje lettare enn andre tyr til utvikling av ny teori. Å vere den første forskaren som meiner at eins eiga forsking representerer ei vending i faget, kan bety at du får stabla ein solid forskarkarriere på beina – det kan gi både akademisk kapital og forskingsmessig autoritet.

I indre akademiske krinsar blir det snakka om at du er meir motivert av å fremje din eigen karriere enn å fremje faget, om du hevdar at akkurat di forsking representerer ei vending.

– Dette er kanskje urettferdig i dei fleste tilfelle, men det kan vere noko i det òg, ifølgje Beaumont.

Men den sterkaste og mest haldbare kritikken, forklarer seniorforskaren, handlar om effekten du får av alle vendingar. Kort sagt skaper det ei teoretisk fragmentering som undergrev dialogen mellom forskarar og deira evne til å samle seg.

– Eg trur vendingar avdekkjer nokre dårlege vanar i akademia, å overdrive eins eige bidrag til faget på kostnad av kva andre har gjort tidlegare, seier Beaumont. 

Men det er ikkje berre svart. Det er andre som hyllar denne konstante utviklinga av faget. Somme vil hevde at dette driv forskinga på internasjonal politikk vidare og styrkjer ho.

– Det kan gjere det enklare får likesinna forskarar å samle seg. Det kan også føre til at ei ny tilnærming til faget for fotfeste og når nye målgrupper. Mange av vendingane vi har studert har ført til særs god forsking. Vi vil ikkje at faget skal slutte å fornye seg, men vi håpar at IP-forskarane kan vere merksame på at det i dag vender for mykje, ta ein fot i bakken og prøve å finne andre alternativ enn å gjere ein snuoperasjon, oppmodar Beaumont.

 

Temaer

  • Historisk IR
  • Komparativ metode

Facts

Ei oversikt over vendingane i IP som Paul Beaumont og Jaakko Heiskanen har identifisert:

  1. Ontological turn (Onuf) 1989
  2. Critical turn (Linklater) 1990a
  3. Linguistic turn (George and Campbell) 1990
  4. Post-modern turn (Linklater) 1990b
  5. Methodological turn (Little) 1991
  6. Reflexive turn (Neufeld) 1993
  7. Poststructural turn (Brown) 1994
  8. Constructivist turn (Risse-Kappen) 1996
  9. Ethical turn (Shapiro) 1996
  10. Post-positivist turn (Booth) 1996
  11. Rhetorical turn (Beer and Hariman) 1996
  12. Interpretivist turn (Samhat) 1997
  13. Philosophical turn (Wæver) 1997
  14. Constitutive turn (Frost) 1998
  15. Historical turn (Hobden) 1998
  16. Normative turn (Frost) 1998
  17. Post-colonial turn (Slater) 1998
  18. Sociological turn (Wæver) 1998
  19. Epistemological turn (Leander) 1999
  20. Feminist turn (Hutchings) 2000
  21. Aesthetic turn (Bleiker) 2001
  22. Historiographical turn (Bell) 2001
  23. Practice turn (Neumann) 2002
  24. Pictorial turn (Campbell) 2003
  25. Cultural turn (Callahan) 2004
  26. Social turn (Brock) 2004
  27. Identity turn (Bially Mattern) 2005
  28. Narrative turn (Roberts) 2006
  29. Poststructuralist methodological turn (Hansen) 2006
  30. Quantum turn (Wendt) 2006
  31. Biological turn (Kavalski) 2007
  32. Pragmatic turn (Kratochwil) 2007
  33. Public administration turn (Trondal) 2007
  34. Communicative turn (Albert, Kessler, and Stetter) 2008
  35. Ethnographic turn (Vrasti) 2008
  36. Global turn (Chandler) 2009
  37. Imperial turn (Chowdhry and Rai) 2009
  38. Religious turn (Kratochvíl) 2009
  39. Visual turn (Engert and Spencer) 2009
  40. Material turn (Aradau) 2010
  41. Post-western turn (Ikeda) 2010
  42. Environmental turn (Kavalski) 2011
  43. Everyday turn (Mitchell) 2011
  44. Relational turn (Bousquet and Curtis) 2011
  45. Temporal turn (Berenskoetter) 2011
  46. Affective turn (Hoggett and Thompson) 2012
  47. Local turn (Mac Ginty and Richmond) 2013
  48. Critical methodological turn (Aradau and Huysmans) 2014
  49. Emotional turn (Hutchinson and Bleiker) 2014
  50. Vernacular turn (Mac Ginty) 2014
  51. Domestic politics turn (Kaarbo) 2015
  52. New materialisms turn (Lundborg and Vaughan-Williams) 2015
  53. Hierarchy turn (Jung and Wong) 2016
  54. Queer turn (Wilkinson) 2017
  55. Decolonial turn (Zondi) 2018
  56. Object-centered turn (Allan) 2018
  57. Posthuman turn (Cudworth, Hobden, and Kavalski) 2018
  58. Blue turn (Bueger, Edmunds, and Ryan) 2019
  59. Gender turn (Aggestam and Towns) 2019
  60. Graphic turn (James) 2019
  61. Spatial turn (Brigg and George) 2020
  62. Existentialist turn (Subotic and Ejdus) 2021
  63. Trauma turn (Lerner) 2022