Hopp til innhold
NUPI skole

Krigen kjem nærare og blir fjernare

Striden i Midtausten syner korleis moderne krig avmenneskeleggjer både offer for og utøvarar av militær vald, skriv Thor Olav Iversen i Klassekampen.
Foto: NTB/AFP/Genya Savilov

Denne kronikken vart først publisert av Klassekampen 27. april 2026.

Den amerikanske presidenten sitt trugsmål om å utslette heile sivilisasjonar har få historiske sidestykke. Likevel speglar ho ei materiell røynd: Stadig fleire vanlege folk lever i og med krig. Denne krigen vert stadig mindre menneskeleg.

Bruer, jernbane, elektrisitetsnett, universitet, barneskular, petrokjemisk industri, stålfabrikkar, farmasøytiske anlegg, avsaltingsanlegg for sjøvatn, med meir. Lista med sivile mål som har blitt bomba i Israel og USA sin angrepskrig mot Iran er lang. Iran har svara med liknande mynt mot amerikanske allierte i Midtausten og forbi.

Mediedekninga av krigen krinsar likevel kring følgjene for amerikansk politikk og verdsøkonomi og dessutan spektakulære militære operasjonar. Slik skuggar vi for tryggleiken dei menneska som lever i krigsråka område.

For vi lever med meir væpna strid enn på noko tidspunkt etter andre verdskrig. Noko av forklaringa kan vere at krig er blitt meir komplekst og vanskeleg å gjere slutt på, all den tid framande makter blandar seg inn i borgarkrigar, og ekstremistiske væpna grupper set heile regionar i brann. Ikkje minst er krig mellom statar attende for alvor.

Respekt for humanitære lovar og normar er for vanlege folk ein av dei beste forsikringane mot krigen sin brutalitet. Denne respekten forvitrar når mykje av folkeretten går opp i liminga. Det er ikkje berre land som står utanfor det gode internasjonale selskapet som står for denne oppløysinga. Stormaktene set stadig nye presedensar for lovlaus krig som andre vil velje å følgje.

I august i fjor skjedde noko som naudhjelpsorganisasjonar lenge åtvara mot: FN erklærte at det pågjekk hungersnød på Gazastripa. Så å seie alle menneske på Gazastripa var sveltande. Situasjonen var fullt og heilt menneskeskapt. Matforsyningane til Gaza, under full israelsk kontroll, blei medvitent «regulerte» til eit nivå som slett ikkje strekker til for å oppretthalde liv og helse. Det sto ikkje på pengar eller vilje til å hjelpe, men på tilgang. Ein slik tilstand av total, altomfattande svolt er historisk sett svært uvanleg. Men situasjonen føya seg likevel inn i eit oppsving i bruk av svolt som våpen det siste tiåret – særleg i konfliktar i Jemen, Etiopia og Sudan.

I samband med Iran snakkar vi mykje om olje og lite om vatn. Det er ikkje berre svolt som blir brukt som våpen i krig, men også tørste. Under krigen har ei rekke bombingar av avsaltingsanlegg for produksjon av ferskvatn teke stad. USA og Israel bomba først iranske avsaltingsanlegg. Iran står sjølv i ei vasskrise, og svarte med å råke slike anlegg i Kuwait og Bahrain med dronar. Dei er blant landa i verda med størst avhenge av slik avsalting. Nær sagt alt drikkevatnet i Bahrain er til dømes avsalta.

Heile Gulf-regionen, medrekna metropolar som Dubai, Doha og Riyadh er avhengig av denne svært sentraliserte og sårbare infrastrukturen. Slik krigføring med vatn har blir kalla for eit potensielt masseødeleggelsesvåpen.

Vi må også sjå til teknologien for å forklare den kliniske brutaliten som pregar moderne krigføring. Det blir stadig enklare å avmenneskeleggjere sivile i ein tidsalder med heildigital krig. Utøving av krig er tek over av digitale grensesnitt og instrument og agentar. Dei færraste av verda sine militærmakter er førebudde på utviklinga av militære dronar. Vi fekk eit forbløffande døme på dette då irakiske militsar som er allierte med Iran råka amerikanske basar og fløyg ubrydd rundt på det amerikanske ambassadekomplekset i Baghdad med enkle dronar som minner om dei du kan kjøpe på butikken.

Avmenneskeleggjeringa av krig står ved eit tippepunkt for transformeringa av krigens gong: Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj kunngjorde at russarane i mars hadde dei høgaste tapstala sidan krigen tok til, med over 35.000 soldatar drepne eller såra. Han tilla droneangrep 97 prosent av desse tapa. Både Russland og Ukraina investerer tungt i eit kapplaup om teknologi som er avgjerande. Ukraina skaffa seg tidleg ein fordel etter fullskalainvasjonen ved å innovere i bruk av dronar, lamma til dømes mykje av den russiske Svartehavsflåta med nye sjødroner. Russland har mellom anna svart med å kople dronar på milelange fiberkablar som ikkje let seg forstyrre av «jamming».

No tevlast båe partar om å utvikle sjølvstendige svermar med dronar som løyser og fordeler oppgåver utan menneskeleg involvering utover identifisering av mål (som gjerne vert assistert av kunstig intelligens). Ein treng truleg ikkje sjå så langt inn i spåkula før uavhengige dronar potensielt vil kunne velje kva eller kven skal dei skal øydelegge.

Menneskeleg handling i krig blir altså teke over av nye teknologiar med heilt unike formar for vilje og medverknad. Vi står attende med eit paradoks: Krig kjennast på kroppen av stadig fleire vanlege folk, men fjernare for dei som er ansvarlege for valden. I den moderne krigens logikk blir vilkår for liv og samfunn slik til abstrakte sjakkbrikker som kan sprengast av brettet. Kva om vi ein dag blir gjort om til brikker i dette brutale spelet?

Temaer

  • Europa
  • Humanitære spørsmål
  • Konflikt
  • Analyse