Hopp til innhold
NUPI skole

PODKAST: Europa rustar opp

Store ting er i ferd med å skje med forsvaret i Europa – og Tyskland har gjort ei fullstendig heilomvending. Høyr siste episode av Utenrikshospitalet.

Olaf Scholz, forbundskanslar i Tyskland, gjør heilomvenning i forsvaret. 

Foto: IMAGO/NTB

Med aukande geopolitisk spenning og eit USA som rettar mest av merksemda si mot Asia, må Europa ta meir ansvar for sin eigen tryggleik.

Og dette vart endå meir klart for statsleiarar i Europa då Russland gjekk til storskala krig mot Ukraina. Sjokka gjorde at mange vart bekymra for tryggleiken i heile regionen. 

Sverige og Finland søkte om NATO-medlemskap, og Danmark slutta seg til EUs forsvarspolitikk, som dei tidlegare har reservert seg mot. 

Den mest oppsiktsvekkjande endringa fann likevel stad i Tyskland.

Sidan slutten av den kalde krigen har Tysklands forsvarspolitikk vore prega av varsemd og passivitet. Men tre dagar etter Putins invasjon, annonserte forbundskanslar Olaf Scholz at det skulle opprettast eit fond på 100 milliardar euro, som skulle brukast på å oppgradere det tyske forsvaret. 

Talen var eit historisk vendepunkt i europeisk sikkerheitspolitikk, og vart møtt med ståande applaus i Forbundsdagen, det tyske parlamentet.

Men har denne omveltinga, eller Zeitenwende som ho blir kalla på tysk, lykkast? Har Tyskland – og Europa – vorte tryggare?

Siste episode av Utenrikshospitalet ser på Tyskland som eit døme på den europeiske opprustinga.

Du finn også episoden i den appen du føretrekker.

Vi tek også for oss det tette energi- og forsvarssamarbeidet mellom Noreg og Tyskland. Mellom anna har dei saman sett i gang produksjonen av det som skal bli dei beste konvensjonelle ubåtane i verda (ubåtar som ikkje er drivne av kjernekraft).

I denne episoden får du høyre frå NUPI-forskarane Pernille Rieker og Øyvind Svendsen, visedirektør i Tysk utanrikspolitisk råd (DGAP), Christian Mölling, utanriksredaktør for Die Welt, Klaus Geiger, og oberstløytnant Tobias Wetz i det tyske forsvarsdepartementet.

Programleiar er Therese Leine, senior kommunikasjonsrådgivar hos NUPI.