Hopp til innhold
NUPI skole

PODKAST: Kan EU takle ei ny flyktningkrise?

Ei ny flyktningkrise kan vere i emning, er det fleire ting som tyder på. Er EU betre førebudd denne gongen?

Det norskregistrerte skipet Ocean Viking reddet i slutten av oktober over 200 flyktninger som holdt på å kantre utenfor Libya. Dette førte til en diplomatisk krise mellom EU-land.

Foto: Vincenzo Circosta / AFP

Personer

Therese Leine
Senior kommunikasjonsrådgiver
Pernille Rieker
Forsker I
Jan-Paul Brekke
Forskningsleder, Institutt for samfunnsforskning

Bølgjene skvulpar inn mot stranda tyrkiske feriebyen Bodrum. Med ansiktet ned i den våte sanden, ligg ein tre år gammal gut død. Ein politimann løftar han opp og ber han bort.

Aylan frå Syria blei symbolet på flyktningkrisa i 2015, då over ein million menneske risikerte livet i båtar over Middelhavet i eit desperat forsøk på å nå over til Europa.

I denne episoden av NUPIs podkast Utenrikshospitalet skal forskar 1 frå NUPI Pernille Rieker og Jan-Paul Brekke, forskingssjef hos Institutt for samfunnsforsking, sjå på korleis EU handterte krisa og kva unionen har lært av han.

Høyr episoden her:

Her kan du høyre episoden hos Apple, og her kan du høyre han på Spotify

 

Systemet fungerte ikkje

Flyktningkrisa i 2015 var av eit omfang vi ikkje hadde sett i Europa sidan andre verdskrigen.

– Det var eit sjokk for dei europeiske landa – og også for Noreg, seier Brekke. 

Også Rieker meiner at EU ikkje var førebudd.

– Dei var uførebudd på ei slik massiv krise. I ettertid har ein sett at det ikkje var handtert veldig bra. Systemet som fanst, fungerte ikkje etter planen, fortel Rieker.

I tillegg byrja Schengen-samarbeide å knele fordi land byrja å stengje grensene.

– Det gjorde at det blei ekstra belastning på landa som er i førstelinja, som Hellas og Italia, seier ho.

I 2015 kom over 850 000 flyktningar og migrantar til Hellas, ifølgje Pew Research Center. Dermed var det Hellas, eit land som allereie har enorme økonomiske problem, som måtte handtere mesteparten av flyktningstraumen.

Behovet for hjelp var massivt, og mange frivillige reiste sørover for å ta imot båtflyktningane langs den greske kysten. I podkasten får du høyre frå Dråpen i havet, ein norsk organisasjon som blei stifta for å koordinere den frivillige innsatsen.

 

Ny krise?

No er det fleire ting som tyder på at ei ny migrasjonsbølgje er i ferd med å byggje seg opp.

– For å vurdere om det er sannsynleg at det kjem mange i retning Europa, må ein sjå på drivkreftene som ligg bak denne typen rørsler: nød, at folk opplever liten sjans for framtid, naturendringar og dårleg politisk styring, konfliktar, eller urolege område, forklarer Jan-Paul Brekke frå ISF.

Han legg til at også kontrollen langs ruta, EUs grensekontroll og dei potensielle flyktningane og migrantane sine ressursar til å reise, avgjer om dette kjem til å skje.

– Det er vanskeleg å vite om og når det vil skje, men sånn som den geopolitiske situasjonen er, og dei regionale konfliktane vi har i Europas naboregionar, kan det bli fleire som ønskjer å flykte enn færre, påpeikar Pernille Rieker.

Ifølgje FN har over 740 flyktningar og migrantar drukna i Middelhavet – på veg til Europa – så langt i år.

Det norskregistrerte skipet Ocean Viking redda i slutten av oktober 234 menneske som heldt på å kantre utanfor Libya. Men så tok det fleire veker før dei klarte å finne ei hamn i Europa som let dei leggje til. Både Hellas, Kypros, Malta og Italia nekta å ta dei imot, og dei måtte derfor setje kurs mot Frankrike. 

Saka førte til det som blir omtalt som den første verkelege diplomatiske krisa mellom Frankrike og Italia. Det var også ein test på korleis Italias nye ytre høgreregjering kjem til å handtere dei mange asylsøkjarane som kjem via Middelhavet.

Synast du dette temaet er interessant? Her kan du høyre Pernille Rieker i samtale med professor Christian Kaunert fra Dublin City University og University of South Wales:

Auka spenning i EU

Eit stigande tal innkomstar over Middelhavet den siste tida har ført til auka spenning mellom EU-landa, og i slutten av november hadde EU eit hastemøte kvar dei diskuterte korleis dei skal handtere utfordringane med migrasjon framover, slik at dei gjer det som ei samla eining. Der blei det vedtatt ein handlingsplan med 20 punkt for å handtere det aukande migrasjonstrykket i Middelhavet.

Ifølgje Brekke, så har EU i lang tid slite med å bli einige om korleis dei skal handtere migrasjon samla.

– Det har vore eit langt løp for å lage eit felles system på asyl- og innvandringsfeltet i EU, og det strekkjer seg tilbake til slutten av 1990-talet. Sidan den gongen har dei vore einige om at det er smart å ha ein felles politikk, men ein har likevel ikkje klart å bli einige, seier han.

Brekke legg til at mykje av grunnen til dette, er dette feltet er så nært knytt til nasjonal styring og til den indre dynamikken i kvart land.

– Har EU eit ønske å bli einige? Ja. Har dei fått det til? Nei.

 

EU har lært mykje

Sjølv om unionen enno ikkje har blitt einige om korleis dei skal handtere migrasjons- og flyktningpolitikken, så har dei lært mykje av krisa i 2015, meiner Rieker.

– Det eine dei har lært er at migrasjon er ei felles-europeisk sak. Det andre er at dette har ein tryggingspolitisk dimensjon. Tidlegare ønskte ikkje EU å snakke om migrasjon og tryggleik på same måte, men når det kjem såpass mange på éin gong, har det eit potensial til å utfordre samhaldet mellom medlemsland og stabiliteten internt i medlemsland.

Rieker trur også at EU er betre rusta no enn i 2015 til å handtere ei potensiell ny flyktningkrise.

– EU blir betre og betre på å handtere kriser, og denne krisa har ført til at det har blitt etablert nye prosedyrar og at EU er betre førebudd. Men det er likevel mykje som står att, påpeikar ho.

Brekke trur handteringa av flyktningane frå Ukraina har lagt eit godt grunnlag for auka migrasjon til EU.

– Ukraina-situasjonen og semja til EU-landa om å gi kollektivt opphald til ukrainarar som har flykta, er eit teikn på at ein kan få til eit samarbeid på dette feltet, avsluttar han.

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Migrasjon
  • Menneskerettigheter
  • EU

Personer

Therese Leine
Senior kommunikasjonsrådgiver
Pernille Rieker
Forsker I
Jan-Paul Brekke
Forskningsleder, Institutt for samfunnsforskning