Svimlande 7066 milliardar kroner er den oppgitte storleiken på oljefondet i mars. Spørsmålet om å auke bruken av oljepengar på nasjonale formål er eit tilbakevendande tema i ordskiftet her heime.

Eit mindre debattert, men om mogleg endå meir innfløkt, spørsmål er om oljefondet allereie er eller burde vere eit verkemiddel i norsk utanrikspolitikk. Og viss ja, kor medvite og korleis skal oljefondet brukast for å best vareta det relativt breie spekteret av norske interesser på den internasjonale arenaen? Kva er argumenta for og imot å bevare skiljet mellom pengane og politikken?

Desse spørsmåla er tema for akademisk frukost 5. april, og for fokusspalta i dette nummeret Internasjonal Politikk (IP) – det første som er gratis og heildigitalt tilgjengeleg for alle. Etter 73 år i papirversjon har NUPI-tidsskriftet fått nytt forlag og blitt såkalla open access, gitt ut under Cappelen Damm Akademisk/Nordic Open Access Scholarly Publishing (NOASP). IP er tilgjengeleg her frå 16. mars.

OBS! Merk at arrangementet finn stad hos Cappelen Damm.