NUPI har gleda av å invitere til ope seminar med professor Sarah-Myriam Martin-Brûlé frå Bishop's University i Canada. Ho er aktuell med boka Evaluating Peacekeeping Missions, der ho bruker funn frå feltarbeid til å skape nye måtar å evaluere fredsbevarande operasjonar på. Forfattaren peikar på to ulike suksessfaktorar: å halde oppe den etablerte ordenen i området til fredsoperasjonen, og å tilfredsstille mandatet til operasjonen.
Med utgangspunkt i FN-operasjonane i Somalia, Sierra Leone og Liberia, avviser Martin-Brûlé klassifiseringa av konteksten desse har funne stad i som den verst tenkjelege når det gjeld overgangspolitikk. I staden viser ho at fredsoperasjonar heilt eller delvis kan lykkast sjølv i utfordrande kontekstar. Om ein operasjon er "vellykka" eller "dårleg" kan forklarast med kven som intervenerer og kva strategi som blir nytta, heller enn med kva kontekst intervensjonen gjekk føre seg i.
Martin-Brûlés forsking viser at for ein fredsoperasjon i ein sivil konflikt, verkar ein forhindringsstragegi best for å få retta opp igjen orden, mens ein stormaktsintervensjon ofte har betre effekt når det gjeld å tilfredstille mandatet til operasjonen.