GOODGOV fekk støtte frå norske EØS-midlar gjennom Polsk-norsk forskingsprogram og var eit samarbeidsprosjekt mellom Polish Institute of International Affairs (PISM), NUPI) og Institute of Political Studies of the Polish Academy of Sciences (ISP PAN) i perioden 2013 og 2016. Målet for prosjektet var å kartleggje utfordringar knytt til styring på nasjonalt og europeisk plan, og dessutan å forbetre effektiviteten av styring gjennom ein innovative og tverrfagleg tilnærming. GOODGOV har tatt for seg kjerneområde i nasjonal og europeisk policy: tryggleik, energi og migrasjon.
Prosjektarbeidet har vore delt inn i fem tematiske arbeidspakkar, og både polske og norske forskarar har bidratt til alle desse. Arbeidspakke 1 gav eit grunnlag for vidare forsking ved å identifisere moglegheitene og utfordringane knytt til nasjonal og europeisk styring. Arbeidspakke 2 fokuserte på tryggingspolitikk. Arbeidspakke 3 tok for seg energi, og arbeidspakke 4 migrasjon. Hovudfunna frå prosjektet blei presenterte på ein konferanse i Brussel 24. mai 2016, og målet med dette arrangementet i Oslo er å presentere prosjektresultata for eit breiare, norsk publikum.
Relevante prosjektpublikasjonar
Utanriksdepartementet finansierte seminarserien om Europa.