Dr. Madeline Carr, seniorforelesar i internasjonale relasjonar ved School of Law and Politics, Cardiff University skal sjå nærare på dette når ho gjestar NUPI 23 mars. Denne nye fasen av digital teknologi som vi er i reiser ein heil del etiske, juridiske og politiske problem som statar kanskje ikkje er godt nok rusta til å takle.

Nettverksbaserte hushaldsapparat, førarlause køyretøy og implanterbare helsereiskapar er berre nokre få av mange spennande teknologiske nyvinningar. Dei introduserer fantastiske moglegheiter, men også betraktelege utfordringar – korleis skal vi styre «The Internet of Things»?

Dr. Madeline Carr seniorforelesar i internasjonale relasjonar med fokus på global cybertryggleik og internettovervaking. Forskinga hennar er forankra i ei brei utgreiing av korleis ny teknologi både forsterkar og forstyrrar konvensjonelle rammeverk for å forstå internasjonale relasjonar og implikasjonane av dette har for staten og global tryggleik, orden og styring.

Ordstyrar er Lilly Pijnenburg Müller er forskar i Forskningsgruppen for tryggleik og forsvar der hovudfokuset hennar er cybertryggleik. Innanfor cybertryggleik dekkjer forskinga til Müller offentlig-privat samarbeid, multi-stakehaldar prosessar (nasjonalt og internasjonalt), NATO og 'cyber resilience' og avskrekking. I tillegg følgjer ho internasjonale forhandlingar om cybertryggleik i FN, OSCE og NATO.

Arrangementet blir strøymt live på YouTube-kanalen vår: