Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

AVLYST: Lunsjforedrag: Hacking for Homeland: Palestinsk motstand i den digitale tidsalderen

Grunna ufortsette hendingar må vi dessverre avlyse dette arrangementet.
10 januar 2018
11:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Cyber
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Konflikt
  • Engelsk

Med utviklinga av internett og dets infrastruktur, bruker stadig fleire partar dette som eit middel i krigføring eller motstand. Dette ser ein spesielt tydeleg i den israelsk-palestinske konflikten der fleire palestinske partar bruker hacking som eit middel for endring på bakken. Dette gjer til at det kan stillast spørsmålsteikn med korleis vi klassifiserer hackaraktørar i dag. Kor passande er dagens nemning for merking og forståing av palestinske hackarar, eller elektroniske rørsler som palestinsk islamisk jihad?

Dette skal Erik Skare snakke om på dette arrangementet som blir arrangert av NUPI og Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet. Skare hevdar at for å forstå arten av desse einingane må vi leggje til ein ny idealtype for eksisterande hackar-taksonomi ved å introdusere den kvasistatlege hackaren.

Erik Skare er doktorgradsstipendiat ved UiO, og hans forskingsinteresser er palestinsk valdeleg og ikkje-valdeleg motstandskamp, palestinsk statsbygging og internetts påverknad i Midtausten.

Ordstyrar er seniorforskar ved NUPI, Rita Augestad Knudsen

Det blir servert lunsj frå 11.30, foredraget byrjar 12.00.

Taler

Erik Skare
stipendiat, Universitetet i Oslo
10 januar 2018
11:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Cyber
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Konflikt
  • Engelsk