Under dette arrangementet skal funn frå prosjekta Food Security in India: The Interactions of Climate Change, Economics, Politics and Trade (FOODSEC) blir presentert. Det vil også bli lagt fram ein India-relatert studie frå prosjektet Traders in the food value chain.
I det sistnemnde prosjektet har Meenakshi Rajeev studert endringar i den indiske fiskerisektoren, både med fokus på handel, fordelingskanalar og verdikjeder i rask endring, og det har blitt lagt stor vekt på produsentar, arbeidarar og forbrukarar.
Frå FOODSEC-prosjektet skal Arne Dulsrud og Unni Kjærnes presentere avgjerande faktorar for matforbruket i India som tar utgangspunkt i nye data frå landsbyar og urbane slummar.
Arne Melchior skal presentere nye empiriske bevis for den store matprisspreiinga i ulike indiske delstatar, og kva som bestemmer desse prisforskjellane.
Til slutt vil Fenella Carpena presentere funn frå den økonometriske studien sin på korleis tørke har hatt ein negativ effekt på matforbruk, både i kvantitet og kvalitet, i distrikta i India, og at dette i stor grad kjem av endring i inntekt framfor tilgjengelegheit.
Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:
PROGRAM: