Å finne den rette balansen mellom suverenitet og mellomstatleg integrasjon har vore ei vedvarande problemstilling i den europeiske integrasjonshistoria. Med den britiske avgjerda om å forlate EU, og frykta for at andre land kan ønskje å følgje det britiske dømet, blir dette stadig meir aktuelt. Slik det ser ut no er det rimeleg å tru at vi vil sjå meir av såkalla fleksibel integrasjon i framtida. Kva dette vil bety i praksis og korleis ulike aktørar og styringsnivå i EU og tredjeland vil ta omsyn til dette veit vi derimot lite om.

På seminaret vil følgjande spørsmål klargjerast: Kva er differensiert integrasjon? Korleis har det utvikla seg? Og kva er dets vilkår og mekanismar? Ifølgje Frank Schimmelfennig har differensiering tilrettelagt for europeisk integrasjon, samtidig som det i avgrensa grad kan bidra til å handtere utfordringane EU står ovanfor i dag.

Frank Schimmelfennig er professor i europeisk politikk og knytte til Center for Comparative and International Studies ved ETH Zürich. Schimmelfennig forskar på teoriar om europeisk integrasjon med eit særleg fokus på EU-utviding, differensiert integrasjon, demokratifremme og demokratisering.

Arrangementet er del av NUPIs seminarserie Noreg møter Europa og det nye forskingsprosjektet EUFLEX. Ordstyrar er Pernille Rieker, Professor I på NUPI.