Det er stor semje om at vi treng eit forsvar. Det er også stor semje om at Forsvarets rolle først og fremst er å forhindre krig i Noreg. I tillegg har Forsvaret også andre oppgåver som strekkjer seg over heile krisespekteret, frå å sikre politisk handlefridom og norsk suverenitet, til å bidra til NATOs kollektive forsvar.

Korleis Forsvaret skal løyse desse oppgåvene, er likevel gjenstand for kontinuerleg debatt.

Forsvarssjefens Fagmilitære råd (FMR) blei lagd frami oktober. Konklusjonen er klar, Noregs forsvar er ikkje i stand til å utføre dei oppgåvene dei er pålagde, enten her heime eller for å støtte oppunder NATO. Tilrådinga er derfor at Forsvaret må rustast opp betrakteleg gjennom ein kraftig auke i forsvarsbudsjettet. Vi må velje FMRs alternativ A.

Er politikarane villige til å betale for dette? Er befolkninga i Noreg villige til å betale for dette?  Vil vi med alternativ A få eit forsvar som er sterkt nok til å verne Noreg i ei ustabil og uroleg tid – og stort nok til å bidra til NATOs kollektive forsvar? Korleis har ein komme fram til dette forslaget? Og kva vil dei andre alternativa eventuelt sjå bort frå? Kva oppgåver bør nedprioriterast?

Korleis bør ein planleggje for framtida? Kan vi tilstrekkeleg planleggje for, og verne, Noreg i det Forsvaret omtaler som ei ustabil og uroleg tid? Eller vil verda alltid komme planane i forkjøpet? Er Forsvarets langtidsplanar i tilstrekkeleg grad samordna med andre politiske verkemiddel og sektorar for å løyse primæroppgavene; hindre krig, sikre politisk handlefridom og norsk suverenitet?

På Militærmaktseminaret 2019 skal vi sjå nærare på FMR, løfte blikket opp frå dei tekniske detaljane, og sjå nærare på kva for nokre politiske, strategiske og strukturelle val som bør gjerast i tida framover.

Heile seminaret blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal: